Hopp til innhold

«Kraftsamanslåing får ikkje noko å seie for våre planar»

– Vi har i over eitt år kjent til planane om å slå saman kraftselskapa Sogn og Fjordane Energi (SFE), BKK og deler av Hydro, seier Fredrik Behrens som er administrerande direktør i Sunnfjord Energi.

Fredrik Behrens

SAMARBEID: Fredrik Behrens administrerande direktør i Sunnfjord Energi.

Foto: Helge Johnsen

Tysdag vart det kjent at ei arbeidsgruppa går inn for å etablere ein ny gigant på kraftmarknaden i Norge. Sunnfjord Energi er ikkje ein del av desse planane, men har eigne samtaler med SFE.

– Vi har fått klarert at dette ikkje stoggar den prosessen som vi har med SFE. Vi har sett at det er store potensial eit nærare samarbeid med dei, og held på å avklare med våre eigarar kva syn dei har på ei slik løysing og desse tinga står ikkje i vegen for kvarandre, seier Behrens.

Kraftgigant

Det var Sogn og Fjordane fylkeskommune som saman med BKK tok initiativet til arbeidet som står fram som eit alternativ for ein ny kraftkjempe.

Det nye selskapet har førebels fått arbeidstittelen Vestlandskraft. Selskapet kan bestå av 63 kraftverk og produsera 12,1 terawatt-timar. Det vil seie årleg forbruk av straum for over 600.000 husstandar.

Selskapet skal vere eit svar på korleis dei enorme kraftressursane til Sogn og Fjordane fylke skal forvaltast ved ei eventuell samanslåing med Hordaland.

– At dette kjem opp no har vi vore klar over. Vi forstår det slik at fylket har hatt eit behov for å sitte med 100 prosent eigarskap i det dei eig som følge av regionreforma. Slik sett er dette ein elegant måte å sikre ein lokal kontroll med eigarskapen på og samstundes finne gode driftsmåtar å gjere det på, seier Behrens.

Kan bli med seinare

Dersom det blir noko av Vestlandskraft utelukkar ikkje Behrens at også Sunnfjord Energi kan bli ein del av det på sikt.

– Det vert litt spekulasjonar, samstundes som at dersom vegen mot SFE fører til eit felles selskap, for det er der potensialet er størst for oss, så vil vi på eit eller anna tidspunkt og på eit eller anna vis verte ein del av dette. No greier vi ut kva moglegheiter vi har, og så gjer eigarane sine vurderingar om kva som er mest gunstig for dei. Og no diskuterer vi med eigarane våre om korleis eit nærare samarbeid med SFE kan vere vegen for oss.

– Kva kan dette nye selskapet få å seie for kundane, dei som brukar og betalar straum?

– Svært lite. Eit slikt stort selskap kan i noko grad få til finare regulering og slik sett jamne ut kraftprisen noko, men ikkje så mykje at vi merkar det på ei vanleg straumrekning trur eg, seier Behrens.