Klokka åtte blir trafikken flytta over til ei ny, 1,8 km lang vegstrekning i lia over den eksisterande vegen på Kjøsnes. Dermed kan trafikantane seie farvel til den smale og svingete kjerrevegen som til no har gjort teneste som stamveg. Det er den viktigaste biten av anlegget som no blir teken i bruk, sju månader før resten av anlegget står ferdig.
Slike situasjonar slepp bilistane frå no av på strekninga Skei - Sogndal. Foto: Statens vegvesen
Mykje arbeid står att
Sjølv om Statens vegvesen no opnar denne delen for trafikk, står det mykje arbeid att. Det er difor viktig for trafikantane å merke seg at den nye vegen framleis er anleggsområde, og får redusert fartsgrense, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen.
slutt på rygging
Men trafikantane slepp iallfall unna møte med vogntog som tek heile vegbreidda, møte som i mange tilfelle har ført til meir eller mindre kompliserte ryggeøvingar.
Held kalkylen
Arbeidet med strekninga Kjøsnes-Skei starta 14. september 2004, og heile anlegget skal etter planen stå ferdig i juni 2006. Anlegget er kostnadsrekna til 68 millionar kroner, noko som ser ut til å halda med god margin.
Hovudentreprenør for anlegget er Valdres Anlegg AS.