NRK Meny
Normal

«Kjennest godt å kunne gje skuta vidare»

Førde-trenar Knut Erik Folland legg ikkje skjul på at det smakte godt å avslutte sin siste kamp som Førde-trenar med 4-2-siger borte mot Fana.

Knut Erik Folland

SLUTT: Førde-trenar Knut Erik Folland er godt nøgd med sesongen. No er han klar for nye utfordringar i Vard Haugesund.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var ei veldig godt avslutning, både på sesongen og for min eigen del. Det var ein kjempekamp, seier Folland.

Gaulværingen set frå nyttår av nasen mot Haugesund der han tek over som ny hovudtrenar for Vard Haugesund.

– Men eg har kontrakt med Førde ut året, så no vert det nok ein periode der det blir mange tankar i hovudet, om begge lag. Men det kjennest godt å gje skuta over til andre trygge hender, slik det er no, seier Folland.

Hadde aldri tankar om opprykk

Torbjørn Glomnes tek frå nyttår over som hovudtrenar for Førde.

Folland er godt nøgd med sesongen Førde har lagt bak seg i 2. divisjon.

– Vi hadde aldri tankar om opprykk i år. Men vi har hatt ein flott haustsesong med berre eitt tap etter ein tung vårsesong. Det er mange unggutar som har teke store steg, og det gler meg stort, seier Folland.

Han peikar på at laget har trent veldig hardt, veldig lenge.

– Og det er kjekt å sjå at vi har fått utteljing for det, seier Folland, som er nøgd med femteplass på tabellen.

Klar for skifte

No ventar ein kjærkomen ferie.

– Eg trur eg snakkar for fleire når eg seier at det er mange som er både slitne og trøytte. Og det er lov, seier Folland, som ser fram til nye utfordringar.

– Eg bestemde meg allereie i mai for at det var på tide med eit skifte. Eg trur det er sunt, både for meg og klubben, seier Folland.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote