Hopp til innhold

«Kjellen» Bigset: «Eg går med Fjord1-uniform til min døyande dag»

– Det blir ikkje noko forandring. Fjord1 skal segle. Svana skal segle. Dette tek eg med knusande ro.

Høyr Kjell "Kjellen" Bingset sin tirade over Fjord1-salet.

HØYR LYDKLIPP: Kjell «Kjellen» Bigset kommenterer Fjord1-salet.

Slik kommenterer Ørsta sin store son, Kjell «Kjellen» Bigset, salet av sitt elska reiarlag til konkurrenten Torghatten.

Måndag vart det klart at majoritetseigar Sogn og Fjordane fylkeskommune sel det tradisjonsrike reiarlaget med røter i Fylkesbaatane og MRF. Sidan har både administrerande direktør og styreleiar trekt seg i protest, men mannen som har gjort karriere i nettopp Fjord1-uniform – han let seg ikkje vippe av pinnen.

– Eg går med Fjord1-uniform. Det skal eg gjere til min døyande dag. Den blir aldri bytta ut med noko Torghatten-greier eller noko anna. Og båtane deira ser ut som nokre reketrålarar. Det kjem ikkje på tale, torar Kjell «Kjellen» Bigset.

Høyr lydklipp med Thomas Ryste, alias «Kjellen» øvst i artikkelen.