Hopp til innhold

«Juryen trur at denne designaren kjem til å bli ein yndling»

Møbeldesignar Silje Nesdal frå Innvik er kåra til årets nykommar av Bo Bedre, og har vunne eit stipend på 100.000 kroner.

Silje Nesdal på messe på Lillestrøm

TRAVELT: Denne helga har Silje Nesdal vore på messe på Lillestrøm. Med premiepengane vil ho stille på messe i Milano i april neste år.

Foto: privat

– Det er veldig stor stas å få ei slik utmerking, og merke at det ein jobbar med vert sett pris på, seier Nesdal.

I tillegg til heider og ære, vanka det også ein pengepremie på 100.000 kroner, noko som kjem godt med, seier Nesdal.

I grunngjevinga si skriv juryen mellom anna:
«Prisen vert gitt til eit ungt talent som har evna å bryte ut av mengda med sin design det siste året, og som vi har stor tru på for framtida. Ifølgje juryen kjem denne designaren til å bli ein yndling.»

Er viktig starthjelp

– Det er stor stas for meg som treng litt starthjelp. Det er ganske mykje pengar for ein nyutdanna møbeldesignar, seier Nesdal.

Det å bli lagt merke til, er også viktig når ein skal skape seg eit namn.

– Når ein byrjar som møbeldesignar, og prøve å lokke til seg produsentar, så er det sjølvsagt positivt at folk kjenner til meg frå før. Så dette er veldig viktig for meg, seier Nesdal.

Ho har allereie planen klar for kva pengane skal brukast til.

– Eg har lyst til å stille ut i Milano. Eg gjorde det same i fjor, men i år såg eg ikkje at eg kunne ta meg råd til det. Men det vert det ei råd med no, seier Nesdal.

Går alt etter planen, står ho med eigen stand på messa i Milano i april.

– Eg må også bruke pengane til å utvikle prototypar. Det gir meg spelerom til å jobbe med nye produkt som eg kan stille fram, seier Innvik-jenta, som til dagleg bur i Oslo.

Har jobba fleire år innan klesdesign

Ho legg ikkje skjul på at det er krevjande å slå seg opp i designbransjen.

– Marknaden er liten, for det er ikkje så mange som bur i Norge. Ein må tenkje internasjonalt når ein presenterer tinga sine, seier Nesdal.

Ho er relativt nyutdanna som møbeldesignar, og har frå før ei utdanning innan klesdesign, noko ho har jobba som i nokre år.

– Eg har hatt mykje nytte av bacheloren min i klesdesign når eg har utvikla meg som møbeldesignar, seier Nesbakk.

Hentar inspirasjon frå mange stadar

Ho reiser mykje, og hentar inspirasjon frå fleire stadar.

– Eg ser også mykje tilbake på gamle, tradisjonelle samanføyingar, måtar å byggje opp møblar på og jobbe med materiale på, seier Nesdal.

No jobbar ho opp mot nokre produsentar som har kasta auga sine på nokre av produkta hennar.

– Dei vert mest truleg lansert på Stockholms-messa i januar. I tillegg jobbar eg med ein pendellampe som skal stillast ut i London i midten av september, seier Nesdal.