Hopp til innhold

Vårens vakraste skitur blir meir og meir populær

Skituren «Josten på langs» er meir populær enn nokon gong. Over 50 personar har meldt seg på so langt i år, og denne helga skal 27 skigåarar ta fatt på dei vel 60 kilometerane over Jostedalsbreen.

Josten på langs

VÅRENS VAKRASTE? Skiløparar på veg over Jostedalsbreen med Lodalskåpa (2083 moh.) i bakgrunnen.

Foto: Jostedal Breførarlag

– I fjellmiljøet i Noreg er dette ein av dei store klassikarane. Mange avsluttar skisesongen med å gå Jostedalsbreen på langs, seier dagleg leiar i Jostedalen breførarlag, Steinar Bruheim.

Populær tur

So langt dette året har over 50 personar meldt seg på turane.

– Komande helg har me 27 påmelde som skal vera med på tur. Det er ein populær tur, og me merkar at det er ganske mange grupper som vil gå, seier Bruheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Josten på langs er kjempepopulær

POPULÆR: Å gå Jostedalen på langs er ein populær skitur på våren. Her med Fjærlandsfjorden i bakgrunnen.

Foto: Jostedalen Breførarlag

Breførarlaget har hatt denne turen på programmet kvar vår i 25 år. Ein av årsakene til at turen er blitt stadig meir populær dei siste åra, kan vera mykje fokus på klimasituasjonen.

– Det kan nok vera ei årsak, ja. Mange tenkjer kanskje at no må dei gå på breen før den er vekk, seier Bruheim.

Steinar Bruheim

SJEFEN: Dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag, og ein erfaren breførar, Steinar Bruheim.

Foto: Jostedalen Breførarlag

– Men breane har fått generelt mykje merksemd i klimadebatten, so det er nok mest det at folk har fått opp auga for turar på isen.

Ideelle snøforhold

Turane blir arrangert om våren, og byrjar i Erdalen til Ståleskardet ved Lodalskåpa. Derifrå går det opp 2000 tunge høgdemeter. I løpet av dei tre dagane turen tek, legg deltakarane 60 kilometer med vakker vestlandsnatur bak seg.

– Med sekken full med mat for tre dagar, telt og sovepose so blir den fort 15–20 kilo. So turen er nok ikkje for alle, ein bør ha både skierfaring og ha gått med tung sekk før ein tek fatt på denne turen, seier Bruheim.

Bruheim seier at det i år har komme mellom seks og åtte meter snø på breen, og at det er bortimot perfekte snøforhold.