NRK Meny
Normal

Slik går blomsterseljarane fram - det vil butikksjefen ha slutt på

Rumenske blomsterseljarar går offensivt til verks for å skaffe seg kundar utanfor kjøpesenter. Det vil både kundane og varehussjefen ha slutt på.

Innpåslitne seljarar

VIDEO: Butikkar opplever pågåande tiggarar og seljarar utanfor varehusa sine. NRK / Alf Vidar Snæland

– Av og til trykkjer dei blomane opp i andletet til kundane og er veldig pågåande. Slik aktivitet ønskjer vi slett ikkje, seier Geir Iversen som er varehussjef i Coop Vest.

Utanfor varehuset i Førde har det vore mange kundar som har blitt plaga av seljarar og tiggarar den siste tida.

– Vi har mykje besøk av tiggarar og seljarar som kundane ikkje set pris på. Dei synest det er ubehageleg, så då må vi gripe inn og jage dei vekk seier Iversen.

Iversen og andre tilsette på varehuset har prøvd å snakke med seljarane, men dei vert folkeskye med ein gong dei prøver å ta kontakt.

Geir Iversen som er varehussjef i Coop Vest

Sidan seljarane er så pågåande, ønskjer vi ikkje slik aktivitet, seier Geir Iversen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Om ein gjev beskjed at dei må vere venlege og gå, då går dei. Men vi opplever at dei same kjem igjen dag etter dag.

Må ha godkjenning

Lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor ser på videoen av romfolka som sel blomar.

– Fyrsteinntrykket mitt var at seljarane såg i overkant pågåande ut, seier Tvinde.

Om ein ønskjer å selje ting må ein fyrst følgje ulike reglar. Den viktigaste er at ein må få godkjenning av grunneigaren der ein skal stå og selje.

– Grunneigaren må godta og gje løyve til desse aktivitetane. Om dei likevel held på utan at grunneigaren vil ha dei der, så kan dei kontakte politiet og be om å få dei fjerna.

Kva er oppmodinga til publikum frå politiet si sida på slik aktivitet?

Folk må få gje pengar til kven dei vil, men det er jo noko med at di meir pågåande dei er di mindre vil nok givargleda vere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lensmann Tvinde

REGLAR: Om ein ønskjer å selje noko, må ein fyrst få godkjenning av grunneigaren der ein skal stå.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ty til sterkare middel

Iversen i Coop Vest trur han kjem til å kontakte politiet neste gang.

– Sidan dei kjem tilbake sjølv om ein ber dei om å gå vekk, så må vi kanskje ty til sterkare middel og kontakte politiet, seier Iversen.

Kva seier kundane som har blitt utsett for denne aktiviteten?

Dei oppmodar oss til å jage dei vekk fordi dei er veldig nærgåande. Av og til trykkjer dei blomane opp i andletet til kundane. Og slik aktivitet ønskjer vi slett ikkje, seier han.

Om kundane opplever at dei er for nærgåande så oppmodar Iversen dei om å gje beskjed slik at dei kan ta affære med ein gong.

(Artikkelen held fram under biletet)

Seljarar utanfor Coop Max

BLOMAR: Ei kvinne sel blomar utanfor Coop Extra i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Kjøpte denne gangen

Marit Hilde Hartvedt har nettopp kjøpt ein bukett med roser av ei romdame.

– Eg synest at det er greitt å kjøpe når dei sel noko og ikkje berre tiggar. Ho hadde sjuke barn heime i Moldova eller noko slikt, seier Hartvedt.

Seljaren hadde eit kort der informasjonen stod på og då bestemte ho seg for å kjøpe blomane.

Marit Hilde Hartvedt

KJØPTE ROSER: Marit Hilde Hartvedt synest det er betre at ein sel noko, enn berre står og tiggar.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg veit ikkje om det som stod der var sant, men vi nordmenn er jo litt dumsnille.

Hartvedt har blanda kjensler på kva ho meiner om tiggarar og seljarar.

– Ein vil jo gjerne tru det beste om folk, men det er vanskeleg å vite kva som er sant og ikkje. Når dei sel noko som er fint, då synest eg det er annleis enn når dei berre tiggar.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.