I dag er det sjefane i eit av Norges største oppdrettsselskap, Pan Fish, som forklarar seg i Nordfjord tingrett. I samband med opprullinga av momssvindelen til Jarle Kvalheim kom det fram at Pan Fish sende ut børsmelding på at dei kjøpte to oppdrettsselskap av Kvalheim for 60 millionar kroner, medan kjøpesummen eigentleg var 80 millionar kroner.
Det er knytt stor spenning til korleis Pan Fish vil forklare dette. Og styreleiar i Pan Fish, Bjarten Tunold, var førstemann i vitneboksen i dag. Han meiner selskapet sende ut ei korrekt børsmelding fordi 60 millionar kroner var prisen for konsesjonane, resten var ein tilleggsavtale. Kjøpet vart bokført som 81 millionar kroner.
Avtalen om kjøp av dei to selskapa karakteriserte Tunold som uvanleg. Jarle Kvalheim ville nemleg ha to separate avtalar fordi kona skulle ha 25 millionar kroner i samband med skilsmisseoppgjeret.
- Det var ein føresetnad for avtalen at det skulle overførast pengar til familieselskapet Pering, altså ei deling, forklarte Tunold.
Tunold understreka også at selskapet Pering ikkje
gjorde ein jobb for dei. I avtalen står det at dei får 21 millionar kroner for tilrettelegging av kjøpet.
Ifølgje Pan Fish-styrleiaren hadde dei ikkje behov for å skjule kjøpet, slik kvalheim har hevda i retten. Tunold avviste dette fordi det ikkje var krav om at dei måtte børsmelde dette kjøpet som var ein liten del av den totale balansen i selskapet. Tunold var tydeleg irritert over skuldingane om at dei skulle ha feilinformert Børsen og andre involverte partar.
Bjarte tunold sa også at det var dei som konakta Økokrim då
saka kom opp, for at dei skulle få vite om at avtalen var todelt, slik at buet fekk vite om dei 21 millionar kronene som gjekk til Pering.