Hopp til innhold

«Idol-Jørn» klar med ny EP

Fredag kjem debut-EP-en til Jørn Trollebø Kvalheim frå Vågsøy. 24-åringen er kanskje beste kjent for dei fleste som «Idol-Jørn».

Jørn Trollebø Kvalheim

SLEPPER EP PÅ FREDAG: Jørn Trollebø Kvalheim

Foto: Thomas Reisæter, TV2

– Dette har vi jobba hardt og lenge for, så no gler vi oss til å gitt det ut, seier Trollebø Kvalheim om EP-en «Escape» som blir sleppt i Volda fredag.

I fjor haust hadde han heile norges auge på seg som delkar i Idol. Det ende til slutt med ein 2.-plass for den unge Vågsøyværingen.

– Det var jo ei heilt fantastisk oppleving, men samstundes så tenkte eg også no, no må eg kome meg attende til Volda og musikarane mine slik at vi får utnytta denne sjansen.

Sjølvskrivne songar

På den rykande ferske EP-en har han med seg musikarane Bjørn Thorshaug Lilleengen, Cornelius Berger Østlie og Magnus Solheim, alle studentar i musikk ved Høgskulen i Volda, i bandet Trollebø. EP-en inneheld fire sjølvskrivne songar, der den eine «Railroad Tracks» vart sleppt som singel førre veke.

Når du er i ferd med å etablere det som musikar og skal gi ut ny musikk, korleis opplever du det då at dei fleste framleis først og fremst tenker på det som «Idol-Jørn»?

– Eg har jo mest lyst at folk skal tenke, åh der han frå bandet «Trollebø», men samstundes har Idol hjelpt meg ekstremt mykje så at folk tenker på som «Idol-Jørn» er heilt greitt.

Ut å spele

– Det vi har lyst til no er å kome oss ut å gjere det vi alle elskar, spele «live» så mykje som mogleg.

Ja, korleis trur du det blir no når du ikkje lenger får vist deg fram kvar fredag i beste sendetid, og de no skal etablere bandet og ut og selje den nye plata?

– I sommar skal vi ut å spele på seks forskjellige festivalar, blant anna Malakoff og Fosnavåg rock. Vi skal dele scene med blant anna Dum Dum Boys og Stage Dolls, så det blir bra. Også får vi prøve å promotere oss sjølve så best vi kan på sosiale medium.