Hopp til innhold

"Hornelen" snart på plass

Den nye ferja til Fjord1 skal inn på sambandet Måløy-Oldeide, men ligg til no kai i Florø.

No har Hornelen kome til fylket og blir gjort klar til innsats. Den vart bygd i Tyrkia og skal inn i rute mellom Måløy og Oldeide.

BREMANGERLANDET: "Hornelen er kalla opp etter fjellet Hornelen som ligg på øya Bremangerlandet.

Om lag seksten månader etter at bygginga tok til, ligg no "Hornelen" til kai i Florø. Ferja vart bygd i Tyrkia og er no klar for ein siste finpuss i Florø før den blir sett i drift. "Hornelen" skal inn i ryte mellom Måløy og Oldeide og erstattar der "Vågsøy", som no skal bli tredjeferje på strekninga Dragsvik-Hella-Vangsnes.

– Namnet vart valt gjennom ein intern konkurranse i Fjord1. Dei tilsette fekk kome med forslag som så vart sendt til ein komité som skulle avgjere namnet, seier prosjektleiar i Fjord1 Svein Arne Torvanger.

Trass konkurransen var det stor semje om namnet.

– Dei valte ganske samrøystes "Hornelen". Det er og ganske naturleg sidan ferja går mellom Måløy og Oldeide. Der ser ein jo Hornelen nesten heile turen.