NRK Meny
Normal

Gjenopplev «Her er eg!»

Over 150 000 personar såg sesongpremiera på «Her er eg!» måndag 20. september.

Her er eg

SESONG 6: Denne sesongen møter du Andreas Årseth, Marco Førde-Labidi, Ronja Elmarsdottir, Sandra Reed, Henriette Wik, Laura Haugen, Kristina Løvold, Kristianne Fagerli, Aron Nordbye, Tone Hessevik, Viktoria Jepsen og Hanna Lien Reksnes.

Foto: Fotomontasje

NRK Sogn og Fjordane, med Eva Westvik i spissen, har laga 12 nye episodar av den populære barne-tv-serien på NRK Super. Dei aller fleste episodane går i haust, men to episodar har fått spesielle datoar dei skal gå.

Siste episode av sesong 6 blir sendt 16. mai. Her kan du sjå denne episoden:

Video Her er eg Tone

Her er eg Tone

Tone er aspirant i musikkorps. Visst ho klarar å lære seg alt, skal ho få spele i toget 17. mai. Det er litt vanskeleg, for Tone er redd for å misse noteheftet eller å snuble.

Til saman 155 000 personar såg sesongpremiera om Andreas Årseth frå Jølster, som utfordra bestefar sin i golf. Av sjåargruppa var 99 000 born.

Det kommande året får barne-tv-publikumet stifte kjennskap med 13 born frå Sogn og Fjordane i serien Westvik skildrar som kvardagsdokumentarar.

Her er eg 2010 – tolv episodar:

Andreas

Barne-tv måndadg 20. september

Video Andreas vs. bestefar

SJÅ: Andreas vs. bestefar

Andreas har lyst til å slå bestefar i golf. Men bestefar er veldig god, og har mange fine premiar i hylla. I dag skal Andreas spele mot bestefar. Men det skjer mykje rart. Ballen hamnar i ei maurtue! Det spørs om Andreas klarar å vinne over bestefar.

Kristianne

Barne-tv måndag 27. september

Video Her er eg Kristianne

Kristianne elskar å lese bøker. Men på øya der ho bur er det ikkje bibliotek. Heldigvis finst Bokbåten. Kristianne er spent kvar gong Bokbåten kjem til øya. Eit flytande bibliotek full av nye bøker og nye eventyr.

Aron

Video Aron på barne-tv

SJÅ: Aron var å sjå på barne-tv måndag 4. oktober.

Aron vil lære å surfe, slik som mamma. Men mamma seier han er for liten. Tidleg ein morgon listar Aron seg ut mens mamma søv. På stranda møter han ein stor venn. Simen skal lære Aron å surfe. Tenk så overraska mamma blir!

Sandra

Video Her er eg Sandra

Sandra gledar seg til denne dagen i barnehagen. For i dag skal barnehagen få høner. Sandra håpar hønene snart blir så store at dei legg egg, for då kan dei opne eggbutikk og ete så mange vaflar dei vil!

Marco

Video Her er eg - Marco

Marco sin bestefar er styrmann ombord i ein kjempestor båt. Når Marco besøker bestefar ombord er han redd for å gå seg vill. Det er fort å gløyme seg, for båten er full av spennande ting. Marco håpar han får prøve den store heisekranen.

Ronja

Video Her er eg Ronja

Ronja har verdas beste venn, som heiter Ellisiv. Men i morgon skal Ronja flytte til ein plass langt vekk frå bestevennen. Det blir trist. Kanskje finn Ronja nye venner i den nye barnehagen?

Viktoria

Video Her er eg - Viktoria

Viktoria sin pappa er bakar. Midt på natta får Viktoria vere med pappa på bakeriet. Dei listar seg ut, for mamma må ikkje vite kva dei skal. Viktoria vil overraske mamma med sjølvbaka bollar til frukost.

Laura

Video Her er eg - Laura

Laura og storesøster Julie søv i same seng. Men snart skal dei få kvar sine rom. Laura er spent på om ho får sove i den nye prinsessesenga – heilt åleine utan storesøster.

Hanna

Video Her er eg - Hanna

Hanna går på ballett. Der øvar dei på ein vanskeleg dans, som heiter Svanesjøen. Snart skal dei vise fram dansen på ei stor framsyning med mange folk som skal sjå. Hanna håpar ho klarar å hugse heile den vanskelege dansen. Draumen er å ein dag bli prima ballerina!

Henriette

Video Her er eg Henriette

Henriette er ute og akar med dukka si. Mamma er på jobb, ho køyrer sjukebil. Dukka krasjar i gjerdet og misser armen. Henriette skundar seg for å ringe til mamma. Ho håpar mamma har tid til å hjelpe.

Andrea og Kristina

Video Her er eg Andrea og Kristina

Det er nyttårsafta. Systrene Andrea og Kristina skal kle seg ut og gå nyttårsbukk. Ilag med vennene sine, går dei frå hus til hus for å få masse godteri. Godteriet gøymer dei under senga, slik at dei kan ete snop midt på natta!

Tone

Video Her er eg Tone

Her er eg Tone

Tone er aspirant i musikkorps. Visst ho klarar å lære seg alt, skal ho få spele i toget 17. mai. Det er litt vanskeleg, for Tone er redd for å misse noteheftet eller å snuble.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.