Denne sesongen byr på fart og spenning, natur, dyreliv og musikk.
- Vil du sjå fleire episodar?
- Meir Barne-TV? Sjå nettsidene til NRK Super.
Anja
SJÅ: Anja er spent på om ho klarar å sove i barnehagen utan mamma og pappa
Anja skal overnatte i barnehagen saman med dei store som skal byrje på skulen til hausten. Ho gler seg veldig til dei skal ha skattejakt, men gruar seg til å sove vekke frå mamma og pappa. Tenk om ho ikkje får sove! Heldigvis har dei vaksne i barnehagen telefonnummeret heim.
Amanda
SJÅ: Amanda skal ri Glampi over elva.
Amanda skal ri over ei elv på hesten «Glampi». Ho er redd for å ramle av hesten i elva. Første gong ho skal krysse elva, går det ikkje heilt bra. Heldigvis er det lov til å prøve igjen.
Bjørn Erik
SJÅ: Bjørn Erik bli med pappa på lastebiltur til Lom.
Bjørn Erik skal vere med pappa på jobb. Han er lastebilsjåfør, og i dag skal Bjørn Erik få vere med på langtur, frå Byrkjelo til Lom. Der lastar dei lastebilen full av dyrefôr. For første gong skal Bjørn Erik overnatte i bilen.
Kristina
SJÅ: Kristina skal spele piano på toppen av Hafstadfjellet.
Kristina skal spele pianokonsert ute, på toppen av fjellet ovanfor Førde. Det er eit vanskeleg stykke ho skal spele. Pianolæraren seier at ho må øve meir. Kristina lurer på om ho kjem til å klare det, eller om publikum vil høyre det dersom ho spelar feil.
Synne
SJÅ: Synne ventar spent på den nye hunden.
Synne hadde ein hund som heitte «Bamse». Den beit ho i ansiktet, og difor måtte den døy. No ventar Synne på at ho og familien skal få seg ny hund. Ho saknar «Bamse», men gler seg likevel til å møte den nye hunden.
Marie
SJÅ: Marie prøver å slå storebror på ATV.
Marie ser på storebror Anders når han køyrer firhjuling. Ho vil bli like god som han er. Marie øver før ATV-konkurransen, der ho skal køyre mot storebror og fleire andre gutar. Ho tar på seg hjelm og køyredress. Ein dag skal ho vinne over storebror.
Julie
SJÅ: Søstrene Sol og Julie på Skåla.
Sol og Julie er tvillingsystre. Saman med mamma skal dei gå heilt opp på toppen av fjellet Skåla. For å klare å komme opp dit, må dei gå heile dagen. Systrene lurer på om dei klarar å nå toppen. Heldigvis har dei godteri i sekken.
Taline
SJÅ: Taline - Livet på geitestølen
Taline jagar geitene til fjells. Det er ikkje lett, for geitene går der dei vil. Taline likar å vere på geitestølen om sommaren. Kanskje lærer ho å mjølke dei uskikkelege geitene?