Hopp til innhold

«Her er eg!» - Sesong 3

Den tredje sesongen av «Her er eg!» er på fem episodar filma i 2006.

Ane, regine, frida, julie, sven

SESONG 3: Desse borna møter vi i den tredje sesongen av «Her er eg!».

Foto: Fotomontasje

Denne sesongen får vi mellom anna bli med Regine på Briksdalsbreen og vi får møte jonsokbruda Julie frå Jølster.

Ane

Video Her er eg Ane

SJÅ: Ane skal overnatte i snøhole saman med pappa.

Ane frå Nordfjordeid elskar snø! Ho tykkjer snø luktar så godt. I natt skal ho overnatte ute i snøhole på Strynefjellet. Det er iskaldt å liggje i snøhola, og Ane er spent på om ho kjem til å sovne.

Regine

Video Her er eg Regine

SJÅ: Regine klatrar for første gong på Briksdalsbreen.

Regine frå Hjelle i Eid skal prøve noko som ho aldri har prøvd før. Ho skal klatre på ein isbre! Å klatre på ein bre er glatt og kaldt, og litt vondt. For Regine ramlar fleire gonger, og får nesten lyst til å gje opp.

Frida

Video Her er eg Frida

SJÅ: Frida gler seg stort til å bli storesyster.

Frida frå Jølster skal bli storesøster. Magen til mamma er stor og rund, og snart skal babyen kome. Frida vil at babyen skal vere ei jente. Ho vil ha ei veslesyster, og berre det!

Julie

Video Her er eg Julie

SJÅ: Julie er jonsokbrur, men er ikkje heilt nøgd med brudgommen.

På Jonsokafta skal Julie endeleg få vere jonsokbrur. Det betyr at ho skal gifte seg, men ikkje på ekte sjølvsagt, men på lat. Men når dagen kjem tykkjer ikkje Julie brudgomen er like fint kledd som ho hadde tenkt seg.

Sven

Video Her er eg Sven

SJÅ: Sven er med farmor på lamming i sauefjøsen.

Sven vil bli bonde, og er med besta i fjøsen når han kan. No er det lamming på Fjelli i Stryn, og Sven er spent på om lamma som kjem blir finare enn sauen hans, «Prikken».