Hopp til innhold

«Her er eg!» - Sesong 1

«Her er eg!» byrja i det små med fire episodar. Alle vart filma i 2004.

Cidi, Karoline, Kjersti, Elias

SESONG 1: Cidi Nzita, Elias Øvretveit Larsen, Karoline Kostad Addison og Kjersti Ospesetet Sletten var dei første borna ut i Barne TV-serien «Her er eg!».

Foto: Fotomontasje

I den første sesongen møter vi Karoline, Kjersti, Elias og Cidi.

Karoline

Video 39b7e5f8-22b9-49b5-b593-783af532786a.jpg

Karoline dansar ballett i Førde. Ho er veldig spent før ho skal danse framfor mange folk i Førdehuset. Tenk om ho ikkje klarer å komme seg på scena til rett tid? Og tenk om ho gløymer dansen?

Kjersti

Video Her er eg Kjersti

SJÅ: Kjersti øver på kveding og opptrer på framsyning.

Kjersti frå Sogndal kan synge på ein spesiell måte. Ho kan kvede. Det er spennande når ho skal synge på konsert. Då skal ho vere veldig fin i bunad, men tenk om ho ikkje hugsar songen!

Elias

Video Her er eg Elias

SJÅ: Elias snakkar bakvendt.

Elias frå Sande i Gaular kan noko ikkje så mange andre kan. Han er flink til å snakke baklengs! Han kan lese baklengs også. Når han snakkar baklengs, høyres det veldig rart ut.

Cidi

Video Her er eg Cidi

SJÅ: Cidi er einsleg mindreårig flyktning i Florø, men skal til fosterfamilie i Bergen.

Cidi er flyktning frå Angola i Afrika. Han kom til Florø saman med bror sin. I «Her er eg!» følgjer vi ferda frå livet i Florø til ny familie i Bergen.