Hopp til innhold

«Han tok berre tak i armen min»

Robert Borge og Rikke Hope gifta seg for kort tid sidan, og i helga var dei tilbake for å feire der det starta med eit litt spesielt møte: Utkantfestivalen.

Robert Borge og Rikke Hope

FESTIVALLUKKE: For ekteparet Robert Borge og Rikke Hope har ordet festivallukke fleire betydningar: to år etter dei møttest på Utkant feira dei bryllaupet på same festival.

Foto: Marit Bendz

– To år sidan, her ute, seier Robert Borge og drøymer seg nøyaktig to år tilbake i tid.

– Nede på kaien. Heilt tilfeldig, i ein folkemengde utan sidestykke. Rikke Hope fullfører setninga til mannen ho gifta seg med i slutten av juni.

Tok saka, og kona, i eigne hender

Hadde ikkje Borge vore for seg, hadde det kanskje aldri blitt dei to.

– Eg stod å snakka med ein kamerat av meg, då eg såg i sidesynet at ho gjekk forbi. Då snudde eg meg berre og tok tak i ho, ler Robert av den noko utradisjonelle introduksjonen.

– Han tok berre tak i armen min. Då vi byrja å prate saman fann vi ut av vi kjente kvarandre litt frå gamalt av. Frå barndomen.

Kort tid etter var dei eit par. Bryllaupet stod i Austrheim, festen tok dei denne helga på Utkantfestivalen på litle Skjerjehamn i Gulen kommune.

– Det har jo blitt ein spesiell festival. Det har jo blitt eit minne, ei minnemarkering for korleis vi møttest, seier Hope.

Utkantfestivalen 2015
Foto: Gøril Sætre / NRK

Rørt til tårer av festivalen

Ola Braanaas såg ikkje for seg at det skulle bli ein slik festival ute i havgapet då han bestemte seg for å skaffe Knut Steen sin statue av Kong Olav (sjå bilete over).

– Men eg trudde det kunne vere starten på noko spanande. Så har det balla på seg, saman med fantastiske menneske som arrangerer her ute, og alle dei som jobbar frivillig.

– Det har blitt ein fantastisk happening. Det er rett og slett eit eventyr. Og eg blir djupt rørt over det. At det er mogleg å få det til her ute, seier ein rørt Braanaas og stoppar opp.

– Du har ikkje ord for det?

– Nei, eg har ikkje ord. Eg har eigentleg litt tårer, for det er så vakkert.

Ny rekord – igjen

I fjor var rekordmange 14300 innom i løpet av festivalen. Dei førebelse tala syner at mellom 15500 og 16000 publikummarar tok turen i løpet av dei fire festivaldagane i år.

At festivalen ligg så kronglete til ute på ein holme i havgapet er grunnlaget for suksessen, meiner festivalsjef Viggo Haveland Randal.

– Det er nok mange ting som er ei ulempe. Kronglete logistikk, dårleg mobildekning, lite vatn utanom frå himmelen. Men summen av desse ulempene blir eit unikt produkt: Vi er stranda her ute, og koplar heilt ut resten av verda. Eg trur alle ulempene blir ein gedigen fordel til slutt, seier han.