Hopp til innhold

– Skulle aldri vore på vegen i den tilstanden

Eit utanlandsk vogntog vart stoppa av vegvesenet på Skei i Sunnfjord med store skader. Blant anna var speglane på høgresida vekke, slik at sjåføren ikkje såg noko av det som skjedde på høgresida av bilen.

Trailer vart stoppa

FEKK KØYREFORBOD: Den estiske trekkbilen med den svenske hengaren fekk køyreforbod av Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

– Han såg ingenting av det som skjedde på høgresida av vogntoget. Det er veldig alvorleg. Bilen skulle aldri vore på vegen i den tilstanden, seier Geir Leon Hetle, inspektør i Statens vegvesen.

Fekk køyreforbod

Trailer stoppa på Skei med store skader

HARDT MØTE MED FJELLVEGGEN: Både trekkbilen og hengaren var skada etter møtet med fjellveggen.

Foto: Statens vegvesen

Torsdag vart den estiske sjåføren stoppa av Vegvesenet si patrulje. Dei vart tipsa om vogntoget av ein trafikkant, og tok det att på Skei.

Vogntoget hadde skader på høgresida. Blant anna var speglane vekke, hytta var skada og det same var hengaren.

– Me hadde litt språkutfordringar då me snakka med sjåføren, men det ser ut til at han har vore i fjellveggen.

Både trekkbilen og hengaren fekk køyreforbod.

– Bilen er 17,5 meter lang, og han såg ingenting av det som skjedde på høgresida, seier Hetle.

– Beordra heim av sjefen

Trailer vart stoppa

I BLINDSONA: Alt som skjedde på høgresida av bilen, hadde ikkje sjåføren moglegheit til å sjå utan speglar.

Foto: Statens vegvesen

Bilen hadde 27 tonn med last.

– Då har den også blitt utsett for ganske kraftig belastning på koplinga mellom bilen og hengaren. Den må kontrollerast før han kan køyra vidare, seier Hetle.

Sjåføren fortalde til inspektørane at han trass i skadane var blitt beordra av sjefen sin å køyra heim til Estland med lasta.

– Om det er sant eller ikkje har eg ikkje grunnlag for å bedømma. Men det er noko me høyrer ganske ofte, at sjåførane får beskjed av sjefane sine om å køyra heim og ordna problema der, seier Hetle.