– Telefonen ringjer i eitt, og vi får stadig nye meldingar. Det skjer noko nytt heile tida, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Hordaland, Ken Ove Holm.
I Sogn og Fjordane har uvêret førebels ført til desse innstillingane og stengingane:
- E39 ferjesamandet Lavik - Oppedal: Går no som normalt etter oppsette ruter.
- Fv 616 Rugsundbrua: Stengd på grunn av sterk vind
- Fv 616 ferjesambandet Oldeide–Måløy: Innstilt på grunn av sterk vind
- Fv 57 ferjesambandet Leirvåg–Sløvåg: Innstilt på grunn av sterk vind
- Fv 662 Torheim - Eid: Opna klokka 13 etter opprydningsarbeid.
Tenk tryggleik
– Vi har fått melding om tre som har velta over vegar fleire stadar, mellom anna på fylkesveg 616 og fylkesveg 618. Desse tinga skal det vere rydda opp i no, så det er framkommeleg, seier Holm.
Men han ber folk tenkje seg både ein og to gonger om, før dei legg ut på vegen.
– Det er meldt svært dårleg vêr einskilde stadar, og det får i einskilde høve konsekvensar i form av både steinar som dett ned i vegbana og tre som hamnar over vegar. Viss du ikkje absolutt må ut å køyre, så vent til vêret har roa seg, ber Holm.
(Artikkelen held fram under biletet)
Mykje sterk vind
Måløybrua er sterkt utsett for vind, og stengjer når vindkasta når eit visst punkt. Brua har vore stengd i periodar fleire gonger i løpet av morgontimane.
– Nett no er det ope, men dette endrar seg fort. Vindkasta ligg førebels på 22 meter i sekundet, men plutseleg er dei oppe i langt over 30. Denne brua regulerer seg sjølv, så her må ein berre følgje med, dersom ein er ute og køyrer, seier Holm.
Ved Vegtrafikksentralen i Hordaland har dei fleire folk på jobb enn vanleg, nettopp på grunn av uvêret.
– Vi såg i går kor det bar, og har justert oss etter det. Også ute i felten er beredskapen oppjustert, seier Holm.
(Artikkelen held fram under biletet)
Ber folk sikre lause gjenstandar
I Førde fekk politiet like før klokka 10 melding om lause takplater i Førde sentrum.
– Det er ei takplate på eitt av handelshusa som har losna og floge av garde, og ein fryktar at fleire kan ta same vegen. Mannskap frå politi og brannvesen er på staden for å sikre. Vi ber folk om å halde seg unna området til dette er gjort, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Hatlenes.
Han ber folk ta forholdsreglar også i eigne heimar.
– Ta ein runde og sikre lause gjenstandar. Både campingvogner, partytelt og trampolinar er eksempel på gjenstandar som fort kan fyke av garde dersom det kjem sterke vindkast, seier Hatlenes.
Det er meldt opp i full storm på kysten, og Hatlenes ber båteigarar ta ein ekstra runde for å sjå til at farkostane deira ligg trygt.
– Sjekk fortøyingane. Det er fort gjort, og kan hindre store skadar. Når vêret er som no, er det viktig å førebyggje, seier Hatlenes.
(Artikkelen held fram under biletet)
Kjem lokalt mykje nedbør
Meteorologisk institutt melder om sørvestleg opp i full storm på kysten av Sogn og Fjordane, sterk storm nord for Florø først på dagen. Frå i ettermiddag er det meldt liten storm.
Det er meldt regn og regnbyer, og det er utrygt for torevêr først på dagen. Lokalt er det venta mykje nedbør.
Også i Møre og Romsdal er det meldt mykje vind og nedbør. Her er det meldt sørleg sterk kuling utsette stadar, og periodar med ful storm i sør.
I føremiddag er det meldt sørvestleg opp i full storm på kysten, i kveld sterk kuling. Det blir regn og regnbyer, utrygt for torevêr og lokalt mykje nedbør i ytre strøk.