Hopp til innhold

Meiner det er fornuftig å omorganisere alarmsentralane

Den samfunnsøkonomiske analysen av DSB sitt framlegg til ny organisering av 110-sentralane er klar.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

FORNUFTIG: Analysen av DSB sitt framlegg meiner det er samfunnsøkonomisk fornuftig å leggje alarmsentralen i Florø under Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Rapporten, som er utarbeidd av Analyse & Strategi, konkluderer med at nye og større 110-regionar er samfunnsøkonomisk lønsamt.

For Sogn og Fjordane sin del er det føreslått å leggje alarmsentralen i Florø under Bergen.

– DSB har gjennom lang tid arbeidd for større og meir robuste einingar i brann- og redningsvesenet og ved 110-sentralane. Innføringa av Naudnett representerer også moglegheiter for samhandling og effektivitet ved naudalarmeringssentralane, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB.

Det er no konkret føreslått ein reduksjon av sentralar, frå dagens 19 til 12. Omorganiseringa gjeld 110-sentralar utanfor det sentrale Austlandsområdet, medan 110-sentralstrukturen i det sentrale Austlandsområdet blir vurdert på eit seinare tidspunkt.

Anne Rygh Pedersen, DSB

SER RAPPORTEN SOM STØTTE: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB.

Foto: Anita Andersen / DSB

– Støtte og styrke

Anne Rygh Pedersen seier at rapporten er ei betydeleg styrking av argumentasjonen til DSB for å slå saman sentralar.

– Frå vår ståstad er dette ei støtte og ei styrke å ha med seg vidare i arbeidet med den modellen vi har føreslått. Det er ingenting i denne rapporten som tilseier at vi ikkje skal gå vidare langs den linja vi har valt.

No skal DSB første ta stilling til ei klagesak frå kommunane i Telemark. Det skal vere gjort innan jul, så vil dei ta dei andre regionane etter kvart.

– Lokalkunnskap ikkje avgjerande

Ho reknar ikkje med at denne rapporten får kritikken mot samanslåingsplanane til å stilne.

– Det er naturleg at det blir reaksjonar, og så får vi som fagmyndigheit våge å stå i det og faktisk fatte dei beslutningane som er naudsynte for å betre beredskapen.

Ho seier at verdien av lokalkunnskap også er vurdert i rapporten.

– Det er eit fåtal att i Norge som framleis meiner at lokalkunnskapen er det avgjerande argumentet.

Meiner det ikkje har kome fram mykje nytt

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

- LIT NYTT: Dagleg leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen seier det ikkje er mange nye moment i rapporten.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane trur ikkje denne rapporten vil få avgjerande vekt når det heile skal avgjerast.

– Det er heldigvis ikkje DSB som til sjuande og sist skal avgjere dette. Det har kome så mange innspel får mange stader i landet og det er dei som tel. Det er viktig at Distrikts-Noreg blir høyrt.

Han har nett fått rapporten og har ikkje fått lese meir enn samandraget av dei 67 sidene, men førsteinntrykket er at det er lite nytt.

– Det ser ut som det er tilnærma det same som DSB har fronta sidan dei starta nedleggingsprosessen av 110-sentralane. Eg kan ikkje så at det er så mykje nytt her, seier han.