NRK Meny
Normal

«Glimrande idé å gje litt rettleiing»

På bilferja Stryn har nokon sett opp eit skilt litt utanom det vanlege. Verken kapteinen eller mannskapet hans kjenner til skiltet...

Skilt bilferja Stryn

HJELP PÅ VEGEN: Slik skal du bruke eit toalett.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Hahaha, eg må dessverre melde pass der, seier ein lattermild kaptein Helge Flostrand etter å ha fått ei skildring av skiltet.

Bilferja Stryn trafikkerer strekninga Mannheller – Fodnes i Sogn. Kapteinen har ingen aning om kven som har sett opp skiltet.

– Men eg synest det er ein glimrande idé å gje litt rettleiing. Det er sikkert gjort i beste meining, som litt munter rettleiing, ler kapteinen.

Det er ikkje uvanleg at mannskap på transportkøyretøy gir kundar rettleiing i korleis dei skal nytte fasilitetane. Men dette skiltet tek kaka, seier NRK-reporter Kjell Arvid Stølen, som tok biletet på fredag.

– Viss det er seriøst. Viss, så kan det vere sett opp for asiatiske turisar, som gjerne har eit litt anna forhold til do enn vi har. Kanskje har dei gjort frå seg på ein litt uheldig måte. Det er min teori, seier Stølen.

– Kva metode nytta du?

– Eg brukte den eg pleier, seier Stølen.

– Eg nyttar ikkje passasjertoaletta, så eg kan nok ikkje hjelpe deg. Dette må vi kalle eit mysterium, så lenge ingen står fram, seier Flostrand.

Bilferja "Stryn"

BILFERJA STRYN.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.