Hopp til innhold

«Gardermoens far»​​​​​​​, Kjell Opseth, døydde i dag

Han blir rekna som den fremste pragmatikaren i norsk politikk etter krigen og han fekk landa vedtaket om å byggje ut Gardermoen. I dag døydde Kjell Opseth, 81 år gamal.

STATSBUDJETTET FOR 2013 LEGGES FRAM - FINANSTALEN I STORTINGET

DØYDDE SØNDAG: Kjell Opseth blei 81 år gamal. Han har sat djupe spor etter seg i Norge.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Han blei kalla for den største hestehandlaren i norsk politikk, særleg innan samferdslesektoren. I dag står både hovudflyplassen på Gardermoen og verdas lengste vegtunnel att etter han som monument.

– Kjell Opseth var ein av dei største pragmatikarane vi hadde i dette landet etter krigen. Den største politiske sigeren hans var at han klarte å lande eit vedtak om Gardermoen etter 40 år med krangling, seier Dag H. Nestegard.

Fekk bygd verdas lengste

Nestegard skreiv nyleg ein stor biografi om Opseth og han er overtydd om at norsk politikk ikkje hadde vore det same utan Opseth.

– Så fekk han også på plass Lærdalstunnelen i Sogn som framleis er verdas lengste vegtunnel, seier Nestegard.

Det var avisa Firda som først melde at Opseth døydde søndag 3. desember, 81 år gamal.

Til avisa seier tidlegare ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, at Opseth var ein politikar av stort format.

– Av arbeidarpartipolitikarar frå Sogn og Fjordane er han den som har fått utretta mest, seier Longva.

Feiring av Gardermoen

STOR SIGER: Dåverande samferdsleminister Kjell Opseth smilte breitt og skjenka champagne til Sissel Rønbeck og kollegaer etter at Gardermoen-vedtaket var eit faktum i 1992.

Foto: Evensen, Jon Petter / Aftenposten

Statsråd i to periodar

Opseth blei valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 1981 og sat til 2001.

Han blei etter kvart ein markant samferdslepolitikar og var samferdselsminister i Gro Harlem Brundtlands (Ap) si regjering frå 1990 til 1996.

Opseth sikra i sin tid bygging av den 24 kilometer lange Lærdalstunnelen i heimfylket. Han var også kommunal- og regionalminister i Thorbjørn Jagland (Ap) regjering frå 1996 til 1997.

Opseth sitt politiske liv i bilete

HISTORISKEBILDER

POLITIKK I RAMPELYSET: Kjell Opseth veik sjeldan eller aldri unna for politiske motstandarar.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix