28-åringen frå Fjaler er og dømd til å betale erstatning til offeret på til saman 113.000 kroner. Dommen er i samsvar med aktor sin påstand.
Krev streng reaksjon
Retten er ikkje nådig i karakteristikken av handlingane «Gaahl» no er dømd for. Dei karakteriserer handlingane som svært grov mishandling.
Retten viser også til at «Gaahl» tidlegare er dømd for vald, og peikar spesielt på at det er mange likskapstrekk med ein valdsepisode i Høyanger i januar 2000:
- To personar har no fått lange periodar i liva sin øydelagd av tiltalte sin råskap. Preventive omsyn krev ein streng reaksjon, skriv dommaren.
40-åringen er framleis sjukmeld etter at han vart slått og sparka av «Gaahl» for to år sidan.