Hopp til innhold

«Fotballeventyret i Sogndal hadde aldri skjedd utan Svein Bakke»

Utan Svein Bakke hadde fotballeventyret i Sogndal aldri vorte noko av. Evna til å plassera seg rett og få ting til å skje skilte han frå dei andre som fotballspelar, men vart endå viktigare då han la opp og tok styringa i Sogndal.

Svein Bakke

MR. SOGNDAL: Svein Bakke blei 62 år og etterlet seg kone, to barn og fem barnebarn. Han etterlet seg også ein slags familie i form av lagkameratane han nådde eventyrlandet saman med på 70- og 80-talet, og i støtteapparatet til klubben han hadde alle tenkelege verv i gjennom meir enn 40 år.

Foto: Endre Romøren/Sogn Avis

Underteikna sitt sterkaste minne om Svein Bakke er frå billettkøen på Fosshaugane før ein 1. divisjonskamp i 2006. Det var etter at Bakke hadde takka for seg som sportsleg leiar og han stod då utan verv i klubben. Som sportsjournalist hadde eg gratis inngang til alle fotballkampar sjølv om eg ikkje var på jobb den dagen, og var på veg forbi køen og bort til akkrediteringsluka og gratisbillettane.

Men då eg såg Mr. Sogndal sin høgreiste figur i lett drøs med dei rundt han i køen, stilte eg meg opp bak han.

For når Svein Bakke betalar for billetten sin på Fosshaugane, då gjer alle det.

Konsertpianisten

Det finst inga nøktern skildring av Svein Bakke si betydning for fotballeventyret i Sogndal. Han var ikkje åleine om å skapa det, men det kunne ikkje skjedd utan han.

Eit gamalt sitat seier at det einaste du treng for å lage eit godt fotballag, er ti gatefeiarar og ein konsertpianist. Eg vil ikkje gå så langt som å kalla resten av Sogndal sine cupfinalistar i 1976 for gatefeiarar, men i denne samanhengen var Svein Bakke i høgste grad konsertpianisten.

Gav alle sjølvtillit

Lagkameratane frå den gongen fortel om hakesleppet då Svein Bakke møtte på si første Sogndal-trening i 1970, og om sjølvtilliten det gav å ha Svein på laget. På 3. divisjonslaget sin veg til cupfinalen i 1976 møtte dei spelarar som Pål Jacobsen og Svein Mathisen. Offensive spelarar blant dei aller ypparste landet hadde å by på. Landslagsstjerner og kjendisar. Men i lagkameratane sine auge var Svein Bakke like god, om ikkje betre.

Han sprang ikkje fort, men tenkte raskast av alle og viste kvar ballen ville koma. Han var strategen som flerra motstandarane frå kvarandre med pasningane sine og avsluttaren som skåra fleire mål enn nokon annan i klubbhistoria. Keeperane var dårlege på knallharde skot i vinklane også den gongen, og det visste Svein å utnytta.

Diplomaten og krigaren

Han var også gjengen sin stemningsskapar, det sosiale midtpunktet, kapteinen og leiaren i kamp og på trening. Og då den aktive karrieren var over etter 514 kampar og 321 mål, vart han leiar på alvor. Sa opp ein god jobb i Sogndal Sparebank, tok steget ut i uvissa og vart fotballeiar på heiltid.

Medan Rolf Navarsete var krigaren, var Bakke diplomaten. Han var den sportslege strategen som trakk i alle trådar og den som gong på gong måtte trø til for å få klubben og apparatet på føtene att etter nedturane. Dei fleste småklubbar som snusar på stordom blir småklubbar att når motgangen melder seg. Det skjedde aldri med Sogndal, og det skuldast i stor grad karismatikaren Svein Bakke.

Det naturlege midtpunktet

Han kvidde seg ikkje for å stiga opp på ein talarstol, men det var ikkje der han briljerte. Arbeidet hans vart gjort før og etter talane vart haldne. Under fire auge, i små grupper, i korridorane på fotballtinget, Fosshaugane eller i næringslivet der han arbeidde som konsulent etter at han gav seg som tilsett i fotballen.

Dei som kjenner han seier han hadde dei same eigenskapane utanfor bana som på. Han som alltid stod der ballen kom og fekk ting til å skje var også den som alltid kom i prat med folk, presenterte folk for kvarandre og gav dei eit skubb i rett retning. Som bygde folk opp eller jekka dei ned. Han plasserte seg rett og fekk ting til å skje heilt til det siste. Som då han lokka med seg tidlegare Sogndal-spelarar med lærarutdanning til leksehjelparar på klubben sit barneakademi kvar ettermiddag.

Klart dei ville vera med. Det var jo Svein som spurte.

Stolt av sonen

Svein Bakke blei 62 år og etterlet seg kone, to born og fem barneborn. Han etterlet seg også ein slags familie i form av lagkameratane han nådde eventyrlandet saman med på 70- og 80-talet, og i støtteapparatet til klubben han hadde alle tenkelege verv i gjennom meir enn 40 år.

For mange av oss andre var han ei påminning om at Holmedal, Sogndal eller kvar du no kjem frå rommar einarar, sjølv om det ikkje bur så mange der.

Sine siste Sogndal-kampar såg han som leiar og vertskap for seniorklubben på Fosshaugane. Kry over at sonen Eirik klarte å trena klubben tilbake til Eliteserien på første forsøk, men alltid med den same påminninga til dei som nytta høvet til å skryta over trenaren.

«Hugs at han ikkje gjer dette åleine. Åleine er han ingen ting».

For åleine er me hjelpelause alle som ein. Heldigvis har me hatt folk som Svein Bakke som kan få folk til å møtast.

Som står der ballen kjem og får ting til å skje.