NRK Meny
Normal

Danmark importerer «fjellape-TV»

Den norske fjellheimen er mildt sagt eksotisk for flate Danmark. No skal dei få boltre seg i meir "fjellape-TV".

Tor Olav Naalsund i Fjellfolk

EKSOTISK: Tor Olav Naalsund og resten av gjengen i NRK-serien Fjellfolk imponerer danske TV-sjåarar. No har DR bestilt sesong to av serien.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Første sesong har vi sendt heile fem gonger! Andre sesong har vi akkurat fått i hus, og eg veit ikkje kor tid den kjem inn i sendeplanen.

Det seier prosjektkoordinator Susanne Borgstrøm for DR Medier Strategi og Prosjekt. Ho er blant dei i den danske søsterkanalen til NRK som har teke avgjerda om å kjøpe inn Fjellfolk.

Programma er så langt blitt vist utanfor «primetime» på dansk TV. Likevel har dei hatt respektable sjåartal.

– Den siste reprisen som vi sendte 18. januar hadde 20.000 sjåarar. Og det er faktisk temmeleg mange, sidan den vart sendt 05.50 om morgonen. Dei andre episodane har lege på kring 12.000 sjåarar.

Ho seier at programma begeistrar rundt omkring i danske TV-stuer.

– Programmet har stor fascinasjonskraft fordi naturen dykkar er så gripande, og er av ein type som vi slett ikkje kjenner til her i landet.

«Smukke» opptak

– Danmark er jo ganske flatt. Og det er kanskje nettopp difor at sjåarane vore likar å sjå ein så radikalt annleis natur. Ved sidan av naturen er det jo ganske interessante mennesklege historier i desse programma.

Kva tykkjer du sjølv om denne produksjonen?

– Eg synes serien er skikkeleg godt laga, med «smukke» opptak kombinert med ei fin og roleg rytme. Eg synes det er interessant å få eit innblikk i korleis andre lever. Deira liv liknar ikkje på mitt.

– Det er alltid spennande å bli rykka andre stadar mentalt, seier Susanne Borgstrøm i DR.

Som norsk vin i Frankrike

Arve Uglum

KRY: Programskapar Arve Uglum står bak TV-serien Fjellfolk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Programskapar Arve Uglum i NRK er stolt og kry.

– Det er stas at serien blir sendt i Danmark. Danskane er best i Norden på dokudrama, så det er nesten som om Frankrike skulle importere ein vin frå Norge.

– I Sverige sendte dei sognamålet mitt utan å dubbe. Lurer på om dei torer det i Danmark, undrar Uglum.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.