Hopp til innhold

«Er viktigare å hente unge heim att, enn å hindre dei i å flytte vekk»

Tonje Norheim Tangerud trur ikkje dét at unge utøvarar vel å dra ut av fylket som 15-åringar for å satse på idretten er eit problem. Iallfall ikkje så lenge ein klarar å lokke dei heim att.


Tonje Norheim Tangerud

TENK STORT: Tidlegare toppalpinist Tonje Norheim Tangerud meiner viktigaste jobben er å få dei unge heim att, etter at dei har teke vidaregåande skule ein annan plass.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Onsdag fortalde NRK om Gjøran Tefre frå Førde som flytta heimanfrå som 15-åring for å satse på langrennskarrieren. Og han er langt frå åleine. Kvart år reiser talentfulle løparar ut av Sogn og Fjordane for å gå på skule og satse på langrenn andre stadar.

Krinslagstrenar Asgeir Årdal meiner dette tappar miljøet både på krinslaga og i klubbane, og meiner alle hadde vorte betre dersom dei beste heldt seg i Sogn og Fjordane.

Den tidlegare toppidrettsutøvaren Tonje Norheim Tangerud støttar Tefre i valet om å flytte til Geilo for å gå på NTG, for ho gjorde det same sjølv då ho var aktiv på 90-talet.

– Det er eit veldig modig val, og eg, som gjorde det same sjølv, tykkjer det er eit rett val av han, slik det er i dag, seier Tangerud.

Må vere godt tilrettelagt

Ho peikar på at skal ein utvikle seg som utøvar, må ein vere på nivå med dei beste.

– Skal ein klare å kombinere idrett og skule, så må det vere godt tilrettelagt, seier Tangerud.

37-åringen frå Sogndal veit godt kva ho snakkar om. På slutten av 90-talet var ho blant dei beste, unge kvinnelege alpinistane i Norge. Ho har to gull i junior-NM i 1996, og hevda seg i den nasjonale toppen i utfor og super-G.

Tangerud køyrde også fleire europacuprenn og worldcuprenn. Men etter eit dramatisk fall i ein utforbakke i 1999 i Canada, kom ho aldri tilbake på det nivået ho var, og la til slutt opp.

Sogndalsjenta prøvde som 16-åring å satse på heimplassen, og tok første året på vidaregåande ved idrettslinja i Sogndal.

– I 1994 byrja eg på idrettslinja i Sogndal. Eg hadde gode trenarar rundt meg, men eg vart ganske åleine som utøvar. Og då er det vanskeleg å kombinere skule og idrett. Til slutt vart valet lett, seier Tangerud.

Har aldri angra på at ho flytta

Ho flytta til Geilo og tok dei to siste åra på vidaregåande skule ved Norges Toppidrettsgymnas der.

– Det var for å klare å prestere høgt og få den utviklinga som eg ønskte. Det har eg aldri angra på, seier Tangerud.

At dette tappar miljøa for førebilete for dei yngre, meiner Tangerud ein berre må leve med.

– Det skjer. Men skal den utøvaren stoppe sin framgang for at dei andre skal bli betre? Det er ein diskusjon vi må tore å ta. Kven skal vere inspirasjon for dei beste, seier Tangerud.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjøran Tefre utanfor bustaden sin på Lillehammer

SATSA ALT: Gjøran Tefre var berre 15 år då han flytte frå Førde til Geilo for å satse på langrenn.

Foto: Rune Fossum / NRK

Treng å ha nokon som er betre rundt seg

Ho peikar på at sjølv om både langrenn og alpint er ein individuell idrett, så er ein avhengig av å ha eit lag rundt seg.

– Då treng du nokon som er betre enn deg, like gode og litt dårlegare. Og så treng du god fagkunnskap rundt. Her i fylket har vi fagkunnskapen, men vi er ikkje mange nok til å pushe talenta vidare, seier Tangerud.

At idrettsutøvarane blir like gode av å halde seg her i fylket, meiner Tangerud må vere eit langsiktig mål.

– Det er eit draumescenario som eg ønskjer at vi skal få til her i fylket. At vi kan behalde dei fantastiske talenta her heime og skape eit godt miljø, seier Tangerud.

Men ho peikar på at då må fleire ting på plass. Ho trur det er smartare å setje kreftene inn på å få talenta tilbake til Sogn og Fjordane når dei er ferdige på toppidrettsgymnasa andre stadar.

– Heldigvis kom eg inn på både worldcuplaget og e-cuplaget då eg var ferdig på skigymnaset. Men det er ikkje fullt så lett i langrenn og skiskyting. Difor er det viktig å få desse talenta heim att etter vidaregåande skule, seier Tangerud.

Må få til eit langsiktig opplegg

Ho meiner ein må få til ei løysing der høgskule og idrettskrins jobbar saman om eit opplegg.

– Ein må få høgskulen med og lage til eit godt opplegg slik at dei kan komme tilbake, bli følgde opp testmessig, ha eit godt sportsleg apparat bak seg og lage til eit trygt og godt lag rundt dei, seier Tangerud.

Ho trur ein på sikt, når ein får bygd opp eit lag, kan sleppe at folk forsvinn ut av fylket.

– Då kan dei som er på vidaregåande vere med og trene med dei beste, og då har dei ikkje behov for å reise ut. I tillegg må det også leggjast til rette på vidaregåande skule til at dei får trent og gått på skule samtidig, seier Tangerud.

Ho meiner ein no må sjå på kva ein kan gjere for å hindre at utøvarar på sikt flyttar frå fylket.

– Få dei tilbake hit. Vi har snø, vi har gode løyper, gode trenarar og fantastiske lokalitetar. Du har det du treng her i Sogn og Fjordane, men vi treng laget rundt. Eit opplegg for dei som er ferdige på vidaregåande. Det vil vere med og utvikle opplegget her, seier Tangerud.

Verre å hente heim enn å halde på

Administrasjonsleiar i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen, er klar på at hovudmålet må vere å halde på dei unge talenta heile vegen.

– Eg trur det er viktig at vi klarar å halde på ungdommane, også når dei er i vidaregåande skule. Eg trur det blir mykje vanskelegare å hente dei heim att når dei først har teke steget og flytta ut, seier Thorsen.

Han peikar på at det er viktig for skikrinsen å byggje gode klubbmiljø og gode regionale miljø.

– Difor er det utruleg viktig at vi også klarar å halde på ungdommane når dei er i alderen 16 til 19 år, seier Thorsen.

Krev innsats på fleire nivå

Han er ikkje negativ til ideane til Tangerud om å lage eit opplegg med tilrettelegging også på høgskulenivå. Men er skeptisk til at dei unge utøvarane skal ut av fylket først.

Yngve Thorsen

INTERESSANT: Dagleg leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen, meiner ideane til Tangerud er gode. Men han vil aller helst behalde talenta mellom 16 og 19 år i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er samd i at dersom vi hadde klart å skape eit tilbod knytt til høgskulemiljøet i Sogn og Fjordane, der vi kunne hatt ei trapp frå vidaregåande og inn på høgskulen, så ville det ha vore ein stor styrke, seier Thorsen.

– Trur du det er sannsynleg å få til?

– Det er vanskeleg for meg å svare på nett no. Men tanken og ideen rundt det er svært interessant. Og vi ser at dei får det til i andre fylke, så kvifor skulle ikkje vi få det til, seier Thorsen.

Men han peikar på at det krev innsats frå fleire leirar.

– Det krev at idretten samlar seg, går saman og går tungt inn i eit slikt samarbeid, seier Thorsen.