Hopp til innhold

«Er det hærverk, eller ein glipp?»

Har du lagt merke til vegstikker som står opp ned og tenkt at her har nokon gjort ei blemme?

Brøytestikke langs gangveg

SKAL VERE SLIK: Om du trudde dette skuldast hærverk eller dårleg jobb frå entreprenøren, så må du tru om att.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

NRK har blitt kontakta av fleire som meiner brøytestikkene står opp ned. Er det hærverk eller ein glipp, spør mange seg.

Distriktssjef for Mesta i Sogn og Fjordane, Dagfinn Brotnow, fortel at det ikkje er nokon av delane.

– Vi har gjort som vi skal, men eg kan forstå at folk reagerer og trur det har gått litt på halv åtte. Årsaka er at det er gjort endringar i kontraktane.

– For å styrke trafikktryggleiken

Berre på Vestlandet blir det sett ut fleire hundre tusen brøytestikker kvar haust. Stikkene skal opp med gitte mellomrom, på kvar side av vegen, og kvar einaste stikke må setjast ned med presisjon.

Kva er så greia med brøytestikker med refleksen heilt nede ved bakken? Fleire har bite seg i merke dette, mellom anna på veg nordover frå Førde sentrum.

Dagfinn Brotnow

DOBBELTARBEID: Dagfinn Brotnow forstår at folk kan tru at brøytestikkene står feil veg. Han oppmodar folk om å la dei stå slik dei er sett opp for å unngå mykje dobbeltarbeid for entrepenørane.

Foto: Privat

Men, og det er eit men. Dei står ikkje opp ned langs hovudvegen, E39, men langs gangvegen som går like ved. Brotnow fortel at Statens vegvesen har endra kontraktane, og at brøytestikkene faktisk skal stå slik på til dømes gangvegar.

– På hovudvegar skal refleksen på brøytestikka vere ein meter opp frå køyrearealet. Men på sideareal, som til dømes busslommer, oppstillingsplassar på ferjekaier og gangvegar, skal det ikkje vere refleks på brøytestikkene. Difor har vi snudd brøytestikkene, for at refleksen skal vere minst mogleg synleg.

– Kvifor det?

– Du kan tenkje deg sjølv, om du kjem køyrande i mørket og det regnar. Du kjem inn på ein veg der du har gangvegen ganske nære. Då blir det veldig mykje refleks, og det blir vanskeleg å sjå kor ein faktisk skal køyre.

– Endringa er gjort for å styrke trafikktryggleiken, seier han og fortel at det skal bli enklare for både brøytesjåførar og privatbilistar å sjå kor vegen faktisk går.

Brøytestikker langs hovudveg og gangveg

RIKTIG: Hadde brøytestikkene på gangvegen også stått med refleksen ein meter opp frå vegen, hadde det blitt veldig mykje som blenka mot ein, forklarar Dagfinn Brotnow i Mesta.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Gjekk etter for å snu stikkene «rett veg»

I indre Sunnfjord tredde dei nye reglane i kraft i haust, medan det i ytre Sunnfjord har vore slik nokre år.

Men endringar blir lagt merke til. Brotnow seier dei seinast før helga opplevde at nokon gjekk etter dei for å snu brøytestikkene på ei ferjekai.

– Ut på ettermiddagen kom billettøren og meinte vi måtte ta helg, fordi vi sette brøytestikkene feil veg. Billettøren hadde vore så flink å snu dei for oss, men då måtte vi dessverre snu dei igjen, flirer han.

Og han forstår at andre også kan falle for freistinga, spesielt dei som vil gjere om på det dei trur er andre sitt hærverk.

Men då må vi ut å snu dei igjen. Så eg vil oppmode folk om å la dei stå slik dei er sett opp. Lat dei stå i fred, dei er viktige for både oss som jobbar langs vegen og for alle som ferdast der.