Tropisk storm fører til «eksotisk» regn i vest

Neppe årstida for paraplydrinkar og karibiske rytmar, men i helga kjem restane av ein tropisk orkan inn over Noreg.

Restane av tropisk storm på veg mot Noreg

UVÊR PÅ VEG: Det blir sterke vindkast og høge temperaturar i helga.

Foto: @meteorologene

«Oscar» er namnet på orkanen som no endar si lange ferd frå Karibia på norskekysten komande helg. Den er den åttande tropiske stormen som har herja i Atlanterhavet denne orkansesongen.

– Det blir sterke vindkast, særleg nord i Sogn og Fjordane. Det blir ikkje dei store nedbørsmengdene og det blir ganske mildt, opp i 10–11 plussgrader på søndag, fortel statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli til NRK.

Han legg vekt på at når Oscar no kjem hit til landet så er den ikkje lenger ein sint og farleg orkan, men den kjem med vindkast opp i storm styrke.

– Det er ofte slik at lågtrykka på våre breiddegrader har hatt eit anna liv nede i Karibia. Men når det kjem til oss er det ikkje anna enn eit vanleg lågtrykk.

– Så det har litt eksotisk bakgrunn, dette uvêret?

– Ja, «eksotisk» regn, seier Fagerli.

Laster Twitter-innhold