NRK Meny
Normal

Strålande sommar for både båtfolk og gjestehamner

Varme dagar og kveldar har gjeve gjestehamnene i fylket ein godt besøkt sommar. Fleire stader fortel om ein liten auke samanlikna med i fjor.

Yrande båtliv under kystfestivalen i Kalvåg

YRANDE: Det har i sommar ligge godt med båtar i gjestehamnene i fylket. Her frå Kalvåg der det i helga var festival.

Foto: Anders Aga Ulvestad

Ved Knutholmen, den største gjestehamna i fylket, fortel turistvert Svein Inge Fosse om ein god sesong og kring ti prosent auke frå i fjor.

Her plar det vere kring 3.500 overnattingsdøgn i løpet av sesongen.

– Det har vore godt med båtar, så vi er kjempenøgde. Utan at eg har noko endeleg oversikt, så trur eg vi ligg kring ti prosent over det vi plar ha, seier Fosse.

300 i helga

Svein Inge Fosse

NØGD: Med ein auke på kring ti prosent i gjestebåthamna er Svein Inge Fosse ved Knutholmen godt nøgd med båtsesongen så langt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det har vore ein varm og god sommar, med rekordmålingar for juli. Ei ringerunde NRK har gjort viser liten auke ved Hardbakke i hamn i Solund og kring 20 prosent auke i Måløy der den nye hamna vart opna offisielt i mai.

I helga hadde 300 båtar teke turen til Kalvåg under årets kystfestival.

– Eg unner båtfolket denne sommaren som vi har hatt i år. Då får dei verkeleg nyte naturen og landskapet vi har i fylket, seier han.

Fekk att for i fjor

– Eg tykte synd på stakkarane i fjor, der dei sat i 12 plussgrader nede i båtane sine. Det er litt meir freistande å koke krabber på kaien i år, med det fantastiske vêret vi har hatt. I 28 varmegrader går det litt meir av tilbehøyr som passar seg til fint sommarvêr og det har mest vore slik at folk har måtte søkje tilflukt i skuggen, seier Fosse.

Med makrellsesongen like om hjørnet, ventar ikkje Fosse at båtsesongen er over med det første. Han seier 60–80 cabincruiserar og makrelldorgarar vil bruke gjestehamna som base i tida framover.

August er best

– Sesongen er ikkje på hell før du kjem ut i september. No har dei lokale båtane vore på ferie, men kjem til oss i helgane framover, seier Fosse og legg til at august ofte plar vere den beste månaden i omsetnad.

– Men også september er ein veldig god månad. Dei som har båt og er glade i dette, er flinke i å vere på sjøen når dei har ver til det, avsluttar han.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy