Hopp til innhold

«Eg skal drepe ho når eg kjem ut»

Gulating lagmannsrett tykkjer slett ikkje det er greitt å drapstruge aktor i ei pågåande straffesak. Det har ein 30 år gamal mann frå Sunnfjord fått erfare.

Vik fengsel

TRUA I FENGSELET: Sunnfjordingen sat i Vik fengsel då han kom med drapstruslane mot den kvinnelege politiadvokaten.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Mannen sat i Vik fengsel etter fleire grove valdsepisodar mot familiemedlemer og andre personar, då han blei presentert for ei ny sikting om bruk av dopingmiddel.

Dette fekk mannen til å uttale følgjande om aktor i straffesaka: «Eg skal drepe ho når eg kjem ut». Ein fengselsbetjent noterte det mannen sa og rapporterte dette vidare.

Aktor følte frykt

30-åringen blei dømd for desse alvorlege trugslane i tingretten, men anka vidare til lagmannsretten. Dei tok opp att saka i si fulle breidd, men var like tydelege som tingretten på at det å truge ein politiadvokat på livet er heilt uakseptabelt.

Politiadvokaten forklarte for lagmannsretten at ho blei redd og følte stort ubehag både på eigne, men også på familien sine vegne som følgje av trugslane frå mannen.

– Det er høgst forståeleg at politiadvokaten blei redd, skriv Gulating lagmannsrett, og syner til at mannen var tiltalt for grov vald, mellom anna mot eks-sambuaren.

– Tar det alltid på alvor

Lagmannsretten framhevar i sin dom at det må reagerast strengt i slike saker, og syner til at aktørar i rettsvesenet må kunne føle seg trygge når dei utfører tenestene dei er sett til å gjere.

Leiar for påtaleavdelinga ved politiet i Sogn og Fjordane, Bjørn Larsen, har ikkje fått lese dommen, men seier på generelt grunnlag at det er viktig at slike trugslar blir slått ned på.

– Vi tar alltid sånt på alvor, og mitt bestemte inntrykk er at det blir følgd opp av domstolane på ein god måte, seier Larsen.

Forsvarar Robert Fonn

FORSVARAR: Robert Fonn representerte 30-åringen i Gulating lagmannsrett.

Foto: Arve Uglum

Sonar alt i fengsel

For trugslane mot politiadvokaten og bruk av anabole steroider fekk mannen ei straff på 120 dagar i fengsel. Mannen sonar for tida dommen han fekk for grov vald mot fleire personar i Sunnfjord.

Sunnfjordingen sin forsvarar, Robert Fonn, har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til saka.