NRK Meny
Normal

«Eg sit mykje aleine, og då tenker eg mykje på dei»

FLORØ (NRK): Elsa Berg mista to søner i ei båtulykke i 1984. Fredag er det minnegudsteneste til minne om omkomne på havet.

Elsa Berg

SORG: Elsa Berg saknar dei to sønene kvar einaste dag. Sorga kjennes framleis stor etter over 30 år.

Foto: Harald Kolseth / NRK

To av sønene til Elsa Berg omkom i ei speedbåt-ulykke då dei var på veg frå Svanøy til Florø, ein augustkveld i 1984. Sjølv om det er lenge sidan er sorga framleis stor.

– Eg saknar dei forferdeleg, seier Elsa Berg i kjellarleiligheita si i Florø.

Hennar næraste besøker ho mykje og ho seier ho har det bra. Men likevel er det tunge stunder, spesielt når ho ikkje har folk rundt seg.

– Eg sit mykje aleine, og då tenker eg mykje på dei.

Minister minnast omkomne

Ketil Solvik-Olsen Florø

MINISTER: Ketil Solvik-Olsen skal vere med på minnegudsteneste fredag kveld. Her på kaia i Florø.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fredag kveld er det minnegudsteneste i Kinn kyrje, til minne om omkomne på havet, og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen skal vere tilstade. Elsa Berg kjem ikkje til å vere med.

– Det blir for tungt for meg, eg kjem berre til å gråte veldig mykje. Så eg trur eg vil ha det roleg her og tenke på dykk, seier ho og ser på bileta av gutane sine.

Elsa Berg hadde sju born. Den tredje sonen, Henry, skulle vere med i båten den kvelden det gjekk gale, men heldigvis vart han ikkje med.

Har dei alltid med seg

Elsa Berg amulett

ALLTID MED: Elsa Berg har alltid med seg sønene som forsvann, i ein amulett rundt halsen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ho har ein amulett i eit smykke rundt halsen, og denne er til hjelp når sorga blir stor. Inne i amuletten er det bilete av dei to gutane som forsvann den sommaren.

– Kvar einaste dag ser eg på dei. Det er jo sånne skjønne auge som ser på mammaen sin. Så eg har dei i tankane. Det er ei veldig trøyst.

Ingen veit kva som skjedde med gutane. Det skal ha vore mykje vind og båten var liten, og Elsa fekk ein gang fortalt at det skjedde ein eksplosjon i ulykka.

Borte for alltid

Dei vart aldri funne – verken gutane eller båten.

– Dei seier at det er straumen som har tatt gutane langt uti havet. Det var forferdeleg trist å ikkje finne dei. Det hadde vore voldsomt kjekt om vi hadde funne dei, seier Elsa.

Ho har eit minnemerke på kyrkjegarden som namna deira står på, men ho har aldri hatt ei grav å gå til.

– Tenk om eg hadde hatt det. Det hadde vore godt.