- Vi tykkjer det er påfallande at så få har kjent att Anne Slåtten denne morgonen. Ikkje minst at ingen har sett henne gå frå Grovene og ned til åstaden, sa lensmann Kjell Fonn på ein pressekonferanse søndag ettermiddag.
To av svært mange vitne skal ha fortalt politiet at dei såg ei jente som kunne vere Anne Slåtten om morgonen søndag den 6. juni. Den eine av dei såg ho ved Fossabrua, knappe to kilometer frå drapsstaden. Den andre såg henne ved Grovene som ligg omlag 800 meter frå der drapet skjedde.
Dei tre kvinnene som har vore etterlyste sidan fredag har enno ikkje meldt seg. Ei av dei kan ha vore Anne Slåtten på veg til arbeid.
Håpar på nye vitne
Anne Slåtten var 178 cm høg og hadde blondt hår, svart jakke med hette og lyse bukser. Sjansen for å få kontakt med vitner minkar dess lengre tid som går etter drapet. Difor skal politiet no rekonstruere ein del av den ruta drapsofferet gjekk
I dag skal ei ung kvinne gå strekninga frå Grovene til åstaden med klede som skal vere like dei Anne Slåtten brukte. Politiet ønskjer at media skal filme og ta bilete av kvinna, og håpet er at nye vitne som ikkje har meldt seg skal kjenne henne att.
Lensmann Kjell Fonn reknar med at Anne Slåtten var på strekninga mellom Grovene og åstaden frå omlag 07.10 til 07.20, og at drapet altså må ha skjedd omlag ti minutt på halv åtte den morgonen. Sjukepleiestudenten Anne Slåtten gjekk frå Vieåsen, og skulle til Helsetunet i Førde sentrum. Ho vart drepen 400-500 meter før ho kom til arbeidsplassen.