NRK Meny
Normal

«Dette er indrefileten av norske opplevingar»

Det er ikkje akkurat kvar dag Hurtigruten tek turen inn Sognefjorden. På under to veker får Skjolden tre besøk av Hurtigrute-skipa.

Hurtigruta Trollfjord i Skjolden

PÅ VEG INN: Hurtigrute-skipet Trollfjord på veg mot kai i Skjolden fredag.

Foto: Christian Blom / NRK

Først ut var «Trollfjord» laurdag. Etter å ha lege ankra opp i Gudvangen laurdag morgon, svinga den innom Undredal.

Besøka inn i Sognefjorden er så sjeldne at då ein av gjestane ringde alle han kjende 1. april for å fortelje at dei kom til Undredal neste dag, så var det ingen som trudde på han.

Ville gjort dette kvart dag

Hurtigruten Trollfjord i Skjolden 2. april 2016

FLOTT OPPLEVING: Det synest reiseleiar Tone Mohn-Haukland.

Foto: Christian Blom / NRK

I Undredal sette dei ut lettbåt, og det vart kjøpt med ost tilbake frå den vesle bygda Undredal, og alle gjestane fekk smaksprøve, før turen gjekk vidare til Skjolden.

– Vi skulle ønske at vi kunne gå i Sognefjorden kvar dag. Dette er indrefileten av norske opplevingar, vakkert og spektakulært, sjølv i dette vêret. I Sognefjorden er det nye flotte opplevingar rundt kvar sving, seier reiseleiar Tone Mohn-Haukland.

Gjestane får tre aktivitetar å velje mellom i Skjolden. Dei kan vere med på guiding i ribbåt på fjorden, dei kan reise til Jostedalsbreen nasjonalpark og sjå Nigardsbreen, eller dei kan ta turen til Urnes stavkyrkje.

Hurtigruten Trollfjord i Skjolden 2. april 2016

OPEN FOR BESØK: Lokalbefolkninga fekk lov å kome om bord.

Foto: Christian Blom / NRK

– Sogn er vakkert

For Edle Svendsen Lunde frå Os gjekk turen til bresenteret. Ho synest det var heilt topp å kome med Hurtigruten til Skjolden.

Edle Svendsen Lunde

TURIST: Edle Svendsen Lunde trivst i Skjolden.

Foto: Christian Blom / NRK

– Dette er kjempeherleg. Luksus, seier ho.

Ho har vore her før, men aldri før sett Sogn frå fjorden.

– Det kunne sjølvsagt vore strålande vêr, men det er jo så flott å sjå uansett. Sogn er vakkert. No skal vi til bremuseet. Der har vi ikkje vore før. Eg hadde litt lyst å køyre ribbåt, men eg klarte ikkje få med meg dei andre i reisefølgjet, seier ho og ler.

Tek i mot besøk på skipa

I dag kjem eit nytt Hurtigrute-skip inn til Skjolden, «Kong Harald», og «Polarlys» er venta 9. april.

Laurdag var det mogleg for lokalbefolkninga å kome om bord i skipa, for kaffi og kake, eller berre for å sjå seg rundt på skipa. Det blir det også høve til i dag og neste søndag.

Mia Alme og Sverre Søvde

KOM PÅ BESØK: Mia Alme og Sverre Søvde frå Luster.

Foto: Christian Blom / NRK

To av dei som nytta seg av høvet laurdag var Mia Alme og Sverre Søvde frå Luster.

– Eg blir så glad når eg høyrer at folk er nøgde, at mannskap og gjestar om bord skryt av plassen vi bur på. Det var på tide at Hurtigruten tok turen. Kanskje dette gjev håp om at dei kan komme oftare, seier Alme.

Hurtigruten Trollfjord ved Feigum

FEIGUMFOSSEN: Her glir Hurtigruten forbi bygda Feigum og Feigumfossen på veg mot Skjolden.

Foto: Christian Blom / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser