NRK Meny
Normal

«Dette blir nesten som ein debut»

Ann Kristin Aafedt Flatland har kanskje aldri vore så usikker på formen som før denne sesongen. No meiner ho VM må vere ein rein bonus.

Ann Kristin Aafedt Flatland klar for sesongopning

KLAR: Ann Kristin Aafedt Flatland er usikker på formen, men gler seg over å vere tilbake i skiskyttarsirkuset.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er veldig kjekt å vere tilbake i miljøet, å gå på ski og treffe dei andre, strålar Ann Kristin Aafedt Flatland.

Ho står omringa av pressefolk utanfor den store traileren til skiskyttarlandslaget på Beitostølen. Det er sesongopning, og Flatland er endeleg tilbake i sirkuset etter fødselen sist vinter.

– Det har jo vore litt greitt med ein pause også, vedgår ho overfor NRK.no.

Veit ikkje korleis ho ligg an

Sidan sommaren har Flatland fått trent slik ho ville - med unnatak av ein nyleg sjukdomsperiode på tre veker. No er ho svært usikker på kva ho kan vere i stand til å prestere.

– Eg har vore sjuk, og har heller ikkje gått konkurranse eller gjort testløp. Så dette blir nesten som ein debut for meg, ler ho.

– Eg veit ikkje korleis eg står i høve dei andre. Det er så lenge sidan eg har gått i konkurransetempo over lengre tid, forklarer Flatland.

– Er du nøgd med treningsarbeidet du har fått gjort?

– Ja, unnateke dei tre vekene eg var sjuk. Som følgje av det har eg bestemt meg for berre å gå løpet på laurdag denne helga.

VM ein bonus - siktar mot OL

Fredag føremiddag gjennomførte skiskyttarlandslaget ei lengre treningsøkt på skistadion på Beitostølen. Etter treninga var Flatland eit ettertrakta intervjuobjekt.

– Kva tenkjer du om det som skal skje utover vinteren - det er jo eit VM...?

– Det er viktigast for meg å komme tilbake i form, og eg reknar med å bruke nokre månader på å komme opp på eit nivå der eg kan prestere skikkeleg igjen. Eg håpar jo at eg kan klare det til januar eller februar, seier Flatland.

– VM blir uansett ein bonus, legg ho til.

– Det er OL i Sochi eg har sikta meg mest ut. Eg har lyst til å vere og prestere der - det er draumen no, seier Flatland.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast