NRK Meny
Normal

«Det var ei lita tåre i augekroken»

Magne Eikås har vore blodfan av Leicester sidan 70-talet, men han hadde aldri trudd at laget hans kom til å vinne engelske Premier League.

Magne Eikås - Leicester

LEICESTER PÅ TOPPTUR: Til og med på topptur følgjer Leicester med blodfan Magne Eikås. For han har det aldri vore noko anna lag.

Foto: Privat

Magne Eikås

GLAD: Magne Eikås har sjølvsagt på seg supporter-utstyr på jobb i dag.

Foto: Privat

Saman med resten av skaren med Leicester-fans vart måndag kveld svært så nervepirrande for Eikås, som til dagleg jobbar som lærar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Leicester har heldt seg i tabelltoppen lenge, og no på slutten har dei leia, men Tottenham har jaga dei. Måndag sette Chelsea ein stoppar for dette, ved å utlikne til 2–2 mot nettopp Tottenham.

Dermed kan ingen ta ligatittelen frå Leicester, sjølv med to rundar att av sesongen.

– Det var ei spent kjensle på kvelden. Eg gjekk meg ein liten tur, før eg rigga meg klar framfor fjernsynet. Det vart ein utruleg spennande og intens kamp. Etter at Tottenham hadde scora to mål, så tenkte eg at det berre var å bu seg å vente ei veke til, men utover i andre omgangen kom Chelsea tilbake, og etter det første målet så augna eg håpet, fortel Eikås.

Starta med eit gutelag i Jølster

Nervane var i høgspenn, og han torde ikkje å sleppe jubelen laus før fløyta gjekk av.

– Det var ei lita tåre i augekroken, som det sikkert var hos mange andre rundt om i Norge. Det vart opna ei champagneflaske eg hadde kjøpt inn før helga, fortel han.

Jølstringen har vore trufast støttespelar sidan 70-talet, då det vart starta opp gutelag i kommunen.

– Vi hadde alle våre lag. På den tida vart det ikkje vist så mange av dei som i dag er store lag. For meg så blei det Leicester, på grunn av ein del veldig gode spelarar. Dei hadde eit veldig godt lag på 70-talet. Og det er jo slik med oss at når vi vel oss eit lag, så følgjer vi dei livet ut, seier Eikås.

Avis-hyllest til Leicester

UVENTA: Ingen hadde trudd at 'vesle' Leicester skulle ta ligatittelen.

Foto: Patrick Sten Rowlands / NRK

Lite, men tett miljø

Likevel kunne han ikkje tru det han såg. Leicester har vunne Premier League.

– Det hadde eg absolutt ikkje, og det hadde ingen andre heller. Det er berre å sjå på bettingselskapa, kva slags odds som har vore på Leicester-siger.

Eikås fortel at det er eit lite miljø i Norge som heiar på Leicester, men at dette gjer dei endå tettare samanknytt.

– Det var ganske hektisk med mange telefonar den første halvtimen etterpå, mykje diskusjonar på Facebook og så vidare. Sjølv om vi ikkje er eit lag, så er vi på ein måte eit lag likevel.

Leicester feirar

FULL FEST: Fans feira heile natta gjennom.

Foto: EDDIE KEOGH / Reuters
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser