Hopp til innhold

«Det var det næraste vi kom ein by»

LÆRDALSØYRI (NRK): Kåre Hovland hugsar framleis godt luktene og lydane frå «gata» då Lærdalsøyri yra av folkeliv på 50-talet. No kan gågata få nytt liv.

Lærdalsøyri i 1954 - flyfoto

YRANDE LIV: Livet på gamle Lærdalsøyri er ikkje lenger slik det var i 1954 då Kåre Hovland var med bestemor hans på handel.

Foto: © Johan Ottesens arkiv

Tomme butikklokale er eit kjent syn i mange tettstader, også i Lærdal. Den største trafikken opplever gamle Lærdalsøyri i turistsesongen, men for Kåre Hovland kan det ikkje målast mot det som var.

– Eg vaks opp på 50-talet og var ofte på besøk nede hos bestemora mi, som ikkje budde så langt frå sentrum. Ho snakka alltid om at ho skulle på «gata». Då fann ho handlekorga si, hadde på seg kåpe og hatt, og gjekk på gata. Det var det næraste vi kom ein by, mimrar han.

Nykverna kaffi og eksos

Kåre Hovland

SAKNAR LIVET: Kåre Hovland meiner gamle Lærdalsøyri har stort potensial.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Lærdal er blant fleire bygder og byar som er plukka i eit nasjonalt pilotprosjekt der målet er å skaffe liv i tomme lokale. «Levande lokale» er eit stadutviklingsprosjekt frå Norsk design- og arkitektursenter (DOGA).

Hovland håpar dette kan gi meir liv til gamle Lærdalsøyri. Og sjølv om han forstår at det ikkje vil bli som i barndommen, er minna likevel sterke.

– Det var full aktivitet i krambuene, og trafikken gjennom gata gav lukt av god gamaldags bensineksos. Eg minnest lukt av nykverna kaffi, nysteikt bakverk, og steikt sild og kviting frå husa. Alt dette blanda seg med liv og røre og trafikk, fortel han.

Lærdaløyri gågate

TOM GATE: Det er stille på gamle Lærdalsøyri utanfor turistsesongen. Det håpar ein no å endra på.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Mange ledige lokale

Pensjonisten jobba tidlegare som kulturvernkonsulent i Lærdal kommune, og har følgt utviklinga tett gjennom livet. Han meiner det var eit feilskjer å flytte det meste av verksemd til den nye sentrumskjernen.

– Det førte med seg at det forsvann ein god del trafikk herifrå, så eg synest det var eit uheldig grep.

Bruktbutikk Lærdalsøyri

EIN AV DEI FÅ: Denne bruktbutikken er blant få verksemder som er att i gamle sentrum i Lærdal.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Framleis bit nokre bedrifter seg fast i det gamle sentrum. Ein bruktbutikk drive av Jon Tamnes er blant desse, og nostalgi er nettopp det som ofte får folk til å handle. Tamnes håpar også at livet i gågata vil kvikne til.

– Det er ledige lokale i sentrum, og det er klart det er positivt om ein kan jobbe bevisst for å prøve å meir aktivitet i dei.

Tre kommunar med i prosjektet

I tillegg til Lærdal er kommunane Arendal og Tromsø med i prosjektet.

– Dei måtte spegle norske kommunar best mogleg, og det gjer dei med tanke på geografi og storleik. Lærdal er også veldig interessant fordi det er så mykje verna bygningsmasse, fortel prosjektleiar Siri Holmboe Høibø.

Høibø trur prosjektet deira skil seg ut frå andre som liknar fordi dei har prosjektgrupper som er samansett av folk med ulike perspektiv.

– Vi har også ei referansegruppe på nasjonalt nivå som skal vere ekspertar på alle dei utfordringar som pilotkommunane møter.

Lærdalsøyri - stikk frå 1860

EIT LEVANDE SENTRUM: Lærdalsøyri har vore eit viktig senter for handel langt tilbake i tid. Her frå 1860.