Hopp til innhold

«Det er vanskeleg å gløyme situasjonen når følgjene blir så brutale»

Eirik Schulze har hatt tøffe dagar etter straffemissen då Sogndal tapte for Ranheim i Trondheim. – Det er ikkje anna å gjere enn å takke for all støtta. Det betyr mykje, seier 24-åringen.

Schulze

RASA SAMAN: Då Eirik Schulze såg ballen suse over tverrliggaren, rasa tankane i hovudet. – Eg var eigentleg så knust at eg ikkje fekk med meg så mykje anna enn trøystande ord frå medspelarar som påpeikar at det er eit kollektivt ansvar, seier midtbanespelaren.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Biletet Scanpix tok av ein knust Eirik Schulze, seier det meste om 24-åringen sine dagar sidan kvalifiseringskampen laurdag.

Sørlendingen bomma frå 11-metersmerket i straffekonkurransen. Dermed vart Michael Karlsen heimelaget Ranheim sin store helt. Sogndal Fotball må ned i 1. divisjon.

– Det har vore tøft, og vil nok vere det ei stund framover også. Det enda på verst tenkeleg måte, både for meg og Sogndal. Men eg har fått bra støtte frå kjente og kjære, folk i klubben og supporterar, seier Eirik Schulze.

– Ville forsvinne

Schulze kjende seg roleg då han tusla mot ballen, etter ingen av laga klarte å avgjere kvalifiseringa på to kampar og to ekstraomgangar. Midtbanespelaren, som kom til Sogndal før sesongen , var bestemt på kvar han skulle sette ballen, men treffpunktet vart for lågt. Verda rasar saman då ballen seglar over mål.

Samstundes som heimelaget og supporterar bryt ut i elleville jubelscener, blir ein knust Schulze omfamna av støttande medspelarar.

– Då det gjekk opp for meg kva som hadde skjedd og dei brutale følgjene, søkk eg saman. Eg var så knust at eg eigentleg ikkje får med meg så mykje anna enn trøystande medspelarar som påpeikar at det er eit kollektivt ansvar.

– Ville forsvinne

Eirik Schulze

STØTTE: Utan å snakke med pressa vart ein knust Eirik Schulze følgd til spelarbussen av medspelarar. Også supporterane ville vise støtte. – Det betyr mykje at folk bryr seg. Vi må berre ta det med oss og bruke det som motivasjon inn mot neste sesong, seier 24-åringen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg ville berre forsvinne frå heile staden. Eg har tenkt mykje på det sparket der, legg 24-åringen til.

Skader på fleire sentrale spelarar og mange tapte poeng i sluttminutta plasserte Sogndal på den utsette kvalifiseringsplassen.

– Vi har hatt mykje fokus på at vi er eitt lag. Vi vinn saman og vi taper saman, men for min del er det vanskeleg å gløyme situasjonen når følgjene blir så brutale. Det var tøft, seier Schulze.

Vil rett opp att

Sjølv om klubben har sponsoravtalar uavhengig av divisjon, får nedrykket økonomiske følgje.

Ein sesong i 1. divisjon gir kring fire millionar kroner mindre i medieinntekter.

– Sjølv om det skal bli godt med ferie for å lade batteria fysisk og psykisk, så er eg allereie motivert for å gjere mitt til at vi får ein solid opptur neste år. Eg trur alle på laget tenkjer slik. Vi er ein svolten gjeng, som håpar på opprykk, seier han.