«Det beste er jo å ikkje få kreft»

FØRDE (NRK): Ho var ung og blei råka av tarmkreft. No støttar Heidi arbeidet med å bruke statistikk og matematikk for å gjere livet betre for mange pasientar.

Heidi Ryste

KJEM MED BOK: Heidi Torkildson Ryste var journalist. No kjem ho med bok om det å vere kreftpasient.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Heidi Torkildson Ryste blei kjend for mange då ho stod fram som kreftråka småbarnsmor. Ho blogga om kampen mot kreften, og har rørt mange med sine nære skildringar. Denne veka deltok ho på ein konferanse om bruk av nye metodar for å avdekke kreft og andre alvorlege sjukdomar.

Stikkorda er store tal og data frå mange prøver av pasientar, slik at ein lettare kan avdekke kven som kan bli råka av sjukdom, og korleis ein betre kan gje den rette behandlinga.

Usikker på kva ho ville visst

– Det kan bli veldig viktig. Dersom dei har moglegheit til å til dømes finne ut kven som har stor sjanse for å utvikle ulike krefttypar for å kunne gje ein tidleg diagnose, så er det veldig interessant. Samstundes er det eit etisk dilemma ved det også, for dersom ein seier at nokon er i ei risikogruppe, så påverkar det livet ditt, seier Ryste til NRK.

Dei nye metodane og den nye teknologien kan på sikt gje alle menneske eit bilete av om dei kan bli sjuke, og kva utsiktene til alvorleg sjukdom kan vere i livet. Ho er usikker på om ho sjølv ville hatt eit forvarsel på sin eigen kreftsjukdom.

– Eg har tenkt mykje på om det hadde vore betre å vite det, og hadde det gjort at eg hadde levd livet mitt annleis. Det er jo noko i ordtaket lukkeleg uvitande. Men dersom alle tala og statistikkane fører til at ein kan få behandling tidlegare, så er det jo veldig positivt. Det beste er jo ikkje å få kreft.

Professor Olav Martin Kvalheim

TENKJER NYTT: Professor Olav Martin Kvalheim meiner at heile helsevesenet må tenkje nytt om bruk av tal og data.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Meir presise metodar

For professor i kjemi, Olav Martin Kvalheim, er det liten tvil å spore. Han er overtydd om at det å bruke "big data" i helsevesenet vil gjere framtida for mange menneske langt tryggare, og gjere behandling av alvorleg sjukdom betre.

– Det som skjer no er at med desse instrumenta så kan vi bevege oss mykje meir inn på eit detaljnivå på sjukdomane. Det gjer at vi får ein mykje meir presis og sikker måte å sjå desse sjukdomane på. Vi må få utvikla desse dataanalytiske verktøya, slik at legane sjølv kan sitje og vurdere dataene og bruke dei på kvar enkelt pasient, meiner Kvalheim.

Meir tilpassa behandling

Han trur på ei framtid der kvar enkelt pasient i langt større grad vil få ei meir tilpassa behandling, fordi kunnskapen på førehand er langt betre.

– Det som no ligg i løypa er at vi kjem til å få ein mykje meir individtilpassa medisin med større presisjon. Dette er framtida sin medisin vi snakkar om, men det krev den nye teknologien. Det krev også matematiske modellar og effektive metodar å behandle desse enorme datamengdene på.