Hopp til innhold

«Denne er trillrund som ein julegris. Det er heilt nydeleg»

SOGNDAL (NRK): Pangstart for laksefisket i heile landet i natt. Bjørn Jørgensen frå Senja var heilt i hundre etter at han klarte å lande ein storlaks etter eit par kast i Årøyelvi i Sogndal.

Bjørn Jørgensen

HØYR: Her kan du høyre då reporter Sigrid Skjerdal var med Bjørn Jørgensen på fangsten av ein fin laks.

Laksefisket opna ved midnatt i mange elvar i heile Norge, og i den eksklusive Årøyelvi i Sogndal var stemninga høg då NRK var med på fisket klokka seks torsdag morgon.

– Ja, men den er godkjent. Det var både vanskeleg og moro å få has på denne. Eg mista jo nettopp ein fisk, så det var veldig kjekt å klare å ta denne, det seier Bjørn Jørgensen som har reist den lange vegen frå Senja til Sogndal for å vere med på fisket.

Han er del av eit følge frå Troms og Finnmark som har tatt turen til Årøyelvi i Sogndal for å fiske laks. Han fortel at han eg gåen i handa etter å ha fiska denne fisken.

– Det var litt av ein kamp å få opp denne fisken. Han drog seg langt nedover elva og til slutt måtte eg vere litt hard med han og dra han opp. Det er den vanskelegaste fisken eg har fanga her, seier Jørgensen.

Pangstart for laksefisket i heile landet i natt. Bjørn Jørgensen frå Senja var heilt i hundre etter at han klarte å lande ein storlaks etter eit par kast i Årøyelvi i Sogndal.

FÅR LAKS PÅ KROKEN: Sjå video frå Årøyelvi der Bjørn Jørgensen får laks på kroken.

God fangst mange stadar i landet

Det vert meldt om gode laksefangstar i fleire elvar i natt:

Georg Solem

LOVANDE: Georg Solem i Surna Elveeigarlag har trua på ein god laksefiskesesong etter ein god start i natt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Sju er tatt så langt og den største var nesten 11 kilo. Med tanke på at vêret ikkje var perfekt i natt, så lovar dette godt, seier Georg Solem i Surna Elveeigarlag.

Skryt av Årøyelvi

Bjørn Jørgensen hevdar at Årøyelvi no overgår Altaelva.

– Vi fiskar mykje i Altaleva og, men det er klart vi tek turen hit, for her veit vi at vi kan få store fiskar, seier Jørgensen.

Terje Haverstad og Ole Petter Kleiven

STORLAKS: Terje Haverstad og Ole Petter Kleiven med storlaksen på 18,9 kilo, som var 117 cm lang.

Foto: Anne Ovidie Hagerup/Laksebørsen

Han ser på fisken han akkurat har dratt i land.

– Vi får like store fiskar i Altaelva, men her er det akkurat no berre jamt store fiskar på 8–10 kilo. Denne er trillrund som ein julegris. Det er heilt nydeleg, seier Jørgensen.

Dei andre i følget ligg og søv, mens Bjørn fekk fisk etter tre kast.

– Ja, no kan dei angre seg seier Bjørn med eit smil. Han fekk neste fisk etter to kast.

Glad elveeigar

Knut Munthe Olsen

GLAD: Elveeigar og seljar av fiskerettar, Knut Munthe Olsen er glad for at fisket i Årøyelvi har vore godt første natta.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Junifiske med sprek og nyankommen laks er noko av det beste du kan vere med på seier elveeigar og seljar av fiskerettar, Knut Munthe Olsen.

Han trur likevel Jørgensen kan vere litt prega av å akkurat ha fått fisk.

– Det er uansett kjempegøy at han skryt av elva. Og det at han seier den slår Altaelva er jo musikk i mine øyrer seier ein munter elveeigar.

fluge-hand

FLUGE: Bjørn Jørgensen viser fram fiskereiskapen sin.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK