Hopp til innhold

Lang transport gjev nytt liv i Florø

Det er stort og fullt av håp om ei ny framtid for skipsindustrien i Florø. I dag kom "Deep Energy" til kystbyen på dekket til 217 meter lange "Xiang Rui Kou".

Like før klokka eitt i dag, vart skipa møtt av losbåten ved Kvanhovden fyr. Derfrå gjekk turen inn til den store kaia ved Fjordbase. Derfrå skal "Deep Energy" fraktast til STX-verftet for utrustning.

Dette vil gje fleire hundre nye arbeidsplassar i Florø, og er første ledd i STX si satsing på ny skipsindustri.

For mangeårig tilsett og tillitsvald ved verftet i Florø, Audun Grønnevik, var det stort å sjå skipet kome inn fjorden til Florø.

– Dette betyr utruleg mykje, både for Florø og fylket. Det vil sysselsetje masse folk. Denne månaden har vi tilsett 45 nye medarbeidarar, i tillegg må vi ha inn fastpriskontraktar på 200 – 300 personar, fortel Grønnevik.

Han har opplevd opp- og nedturane for skipsindustrien i Florø gjennom dei siste tiåra. No har han trua på dei koreanske eigarane.

– Eg har vore 37 år i skipsindustrien, 22 år som klubbleiar. Det har gått i tiårsbolkar, så fekk vi problem i slutten av 70-åra, så i slutten av 80- og 90-åra. Vi har hatt mange eigarar. No har vi koreanarar som eig oss, og dei er langsiktige, meiner Grønnevik.

"Deep Energy" skal vere ferdig utrusta til å gå i Atlanterhavet innan hausten 2012.