Hopp til innhold

«Dagmar» flytta sjøbua over bukta

Enorme krefter har vore i sving då Røysetbua i Selje flytta seg over bukta. Men trass dei veldige kreftene av vêr og vind står bua att nesten intakt.

Sjøbu vart flytta 30 meter av Dagmar

FLYTTA: Den har nok vore ute på ein aldri så liten surfetur, sjøbua som før stod midt i biletet. No er den å finne på andre sida av bukta, vel 30 meter unna. Det er Grete Solborg Fure i Stadt Naturguiding som har teke bileta i samband med ein tur over Seljeøya sist tysdag.

Foto: Stadt Naturguiding v/ Grete Solborg Fure

Då ekstremvêret «Dagmar»slo inn over Vestlandet om ettermiddagen første juledag klarte ikkje den åtte år gamle sjøbua å stå i mot. Før uvêret stod bua på ein molo ut mot det frådande havet. Etterpå fann ein ho att på berget på andre sida av bukta.

– Det ser ut som det har vore høg flo og kraftig vind som har flytta bua over bukta, seier Bjørn Jensen til Fjordenes Tidende.

– Har aldri skjedd før

Den vesle sjøbua har til no vore det første folk såg når dei skulle vitje Selje Kloster. Men etter det kraftige uvêret i romjula er ting brått blitt annleis. Dei veldige naturkreftene har nemleg ikkje vore nådige mot sjøbua i Selje.

Til alt hell er det ikkje lenger som i gamle dagar, då fiskarar som trong overnatting i dårleg vêr søkte ly i sjøbuene. Då vinden og bølgjene trefte moloen har vêret truleg vore forferdeleg. Bjørn Jensen som er prosjektleiar for Selje kloster og helgenanlegg fortel til bt.no at heile sjøboda er riva rett av fundamentet.

– Det må ha vore eit heilt forferdeleg vêr her. Ingen har høyrt at uvêr har teke sjøbuer her tidlegare. Og boda er sterk, seier Jensen til nettavisa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjøbu ved Selje kloster

FØR: Slik såg Røysetbua ut før då den stod på moloen ut mot havet.

Foto: Bjørn Jensen

Har truleg surfa på ei stor bølgje

Sjøbua er bygd i gamal byggjeteknikk og er ein kopi av sjøbua som har stått på plassen sidan 1880-åra. Men sjølv kor sterk den var bygd, klarte den ikkje å stå i mot kreftene til Dagmar.

Den sterke vinden har røska bua av fundamentet før ei stor bølgje har ført den rett opp på land på andre sida av bukta, trur Jensen. Der står den enno, men er faktisk i overraskande god stand.

Uansett må det store reparasjonar til før ting blir som før. Sjølve moloen som sjøbua stod på er fullstendig rasert.

Jensen seier til Fjordenes Tidende at dei no vil gjere alt dei kan for å få ting i orden att til turistsesongen startar.