«Dagboka» vann publikumsprisen

Filmen «Dagboka» gav Erik Nyland Publikumsprisen under måndagens filmprisutdeling i Sogndal.

Filmen til Erik Nyland fekk heile 48 prosent av røystene på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. I alt kom det inn 1.448 røyster til dei ni filmane ein kunne røyste på.

Premien var eit kamera, som ein noko overraska Nyland ikkje heilt visste kva han skal bruke til.

– Tusen takk til alle som har vore med. Dette kom veldig uventa, men eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke kameraet til, gliste han frå scena då han fekk prisen under gallakvelden til Sogndal Filmfestival.

Erik Nyland fekk Publikumsprisen.

PRIS: Erik Nyland fekk måndag kveld overrekt Publikumsprisen under Sogndal Filmfestival.

Foto: Oskar Andersen/Sogndal Filmfestival

Utklassing

Næraste konkurrent i avrøystinga var fiksjonsfilmen til Henning Skjetne og Magnus Davidsen, «This is my life: Hakkan Borlin», som fekk 17 prosent av røystene.

Ole Martin Volle fekk fagjuryprisen for filmen «Colurs of Care 2011».

– Heilt utruleg. Dette hadde eg ikkje venta, seier Volle til NRK.no.

Juryen si grunngjeving: Vinnaren av fagjuryen og Sparebanken Vest sin heiderspris har laga ein sterk film. Med sikker bruk av filmatiske verkemiddel fortel filmskaparen ei gripande historie som utviklar seg gjennom heile filmen.

Kameraføring, redigering og effektbruk er gjennomført, og saman med eigenkomponert musikk gjev dette filmen eit heilskapeleg uttrykk. Med historia om ungdomane i dansegruppa In Motion sine opplevingar på turne i Latvia og Litauen får Ole Martin Volle heidersprisen for 2011.

Spent festivalsjef

Silje Bråstad, festivalsjef, var spent gjennom kvelden, men seier kvelden var ein suksess.

– Det er alltid ting som kan gå gale ein slik kveld, men ting har gått veldig bra. Så mange har stått på, og eg er veldig nøgd, seier ho.

Ho gjekk på talarstolen etter pausen, og understreka den store rekorden i år.

– Med 70 filmar påmelde, så har me slått alle rekordar! Medium og kommunikasjon-linja ved Sogndal vidaregåande skule har stått voldsomt på, og me kan vere stolte, sa Bråstad frå talarstolen.

Lokale artistar underhaldt

På scena stod fleire lokale artistar. Blant dei var dansegruppa Inspire som opna heile gallakvelden.

Artikkelen held fram under biletet

Dansegruppa Inspire

OPNA SHOWET: Dansegruppa Inspire opna gallakvelden.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Ola Weel Skram og Ole Kristian Stølen

UNDERHALDT: Ola Weel Skram og Ole Kristian Stølen underhaldt to gonger gjennom gallakvelden.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Publikum fekk òg med seg musikalske innslag frå duoen Ola Weel Skram og Ole Kristian Stølen og gruppa Composure.

Det vart òg arrangert ein sofaprat som braut opp prisutdelinga. Her fortalde Daniel Volle om hans erfaringar som filmskapar i Sogn og Fjordane.

– Sjølv om det er eit relativt lite miljø, så er det ikkje så einsamt. Me har eit nettverk å støtte oss på. I tillegg er det jo voldsomt greitt å vere sin eigen sjef, sa Volle.

Han erta òg publikum med det nye prosjektet sitt, som har førebels arbeidstittel "Usynleg". Kven som er hovudrolla, ei vaksen dame, kunne han ikkje avsløre, men kunne fortelje at filminga byrjar utover våren.

Dei andre vinnarane:

Klassen visuell kunst: Dei nominerte var Torbjørns timelapse, Ask timelaps og Stop motion. Vinnar vart Torbjørns timelapse. Juryen si grunngjeving: Framifrå fotografisk handverk og god teknisk forståing for time-lapse teknikken sin eigenart og kvalitetar. Ein visuelt sterk film.

Klassen musikkvideo: Dei nominerte var Valerie, Idaho og New World. Vinnar vart Valerie. Juryen si grunngjeving: Valerie inneheld god historieforteljing, god bruk av studiosituasjonen og location og fototeknisk godt handtverk. Fin flyt i biletbruk og godt val av kameravinklar.

Klassen dokumentar: Dei nominerte var Kvernsteinsparken - Silje Bråstad, Colours of care - Silje Bråstad og Colours of care - Ole Martin Volle. Vinnar vart Colours of care av Ole Martin Volle. Juryen si grunngjeving: Sterk historieforteljing, god bruk av foto, klipp og musikk lagar eit heilskapeleg uttrykk. Ein film til ettertanke.

Klassen informasjon og reklame: Dei nominerte var Hvorfor, Bolseth glass og Utheim - a short history of nearly nothing. Vinnar vart Utheim. Juryen si grunngjeving: Filmen er original, morosam, innovativ, profesjonelt produsert og informativ på sitt vis.

Klassen fiksjon: Dei nominerte var Time Control, Emrik og The other side. Vinnar vart Time Control. Juryen si grunngjeving: Effektiv og god historieforteljing. stram regi og god dramaturgi. Framifrå teknisk og filmatisk handtverk, effektfull bruk av musikk og lyd. Eit sterkt manus og god filmatisk forståing.

Klassen junior, under 16 år. Dei nominerte var Jakta på bokhylla, Bob Kåre og Pål sine høner. Vinnar vart Bob Kåre. Juryen si grunngjeving: God historieforteljing om eit vanskeleg tema. Effektiv regi og bra tekniske løysingar.

t

– Det går flott. Det er alltids småting som kan gå gale under ein sånn kveld, men eg er veldig nøgd med korleis det har gått, seier Bråstad.

Video Sogndal Filmfestival: Dagboka

SJÅ: «Dagboka» var ein av ni filmar ein kunne røyste på til publikumsprisen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.