Grimseth er meld til domsutvalet i Norges Idrettsforbund for å ha teke eit ukjent kosttilskot utan å ha fått ein analyse av produktet. Det er domsutvalet som avgjer om innstillinga skal setjast i verk.
Anstein Gjengedal
Leiar i Ekspertgruppa, Anstein Gjengedal, meiner Grimseth ikkje gjorde nok, sjølv om han kontakta ein lege i Olympiatoppen.
Morten Steenstrup
Advokat Morten Steenstrup seier det er reglane i idretten som er uklare, og meiner Ekspertgruppa dyttar ansvaret over på uskuldige idrettsutøvarar.
Grimseth sjølv er ikkje overraska, men er framleis optimist med tanke på å bli dømd i Norges Idrettsforbund sitt Domsutval.