Hopp til innhold

«Eg har problem å sjå meg sjølv spele mot Sogndal»

Sandensaren Rune Bolseth (31) noterte seg for to mål då Hønefoss tok steget opp att i eliteserien i fotball.

Rune Bolseth

BOLLI: Rune Bolseth er attende i eliteserien som fotballspelar. Biletet er frå tida som Sogndal-spelar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter 287 obligatoriske kampar på ti år i Sogndal, gjekk Rune Bolseth til Hønefoss før fjorårssesongen.

Samstundes som Sogndal tok steget opp frå 1. divisjon i fjor, enda debutsesongen til Hønefoss i eliteserien med nedrykk . Søndag var dei klar for snarleg retur til øvste nivå i norsk fotball.

– Dette var utruleg deilig. Vi har jobba mot det i heile år og har lagt bak oss ein kjekk sesong etter å ha rota litt tidleg i sesongen, seier Bolseth.

To scoringar

Etter sigeren førre helg, var det berre teorien som kunne ta frå Hønefoss opprykket. Søndag toppa han seriemeisterskap og opprykk med to scoringar då Hønefoss knuste nedrykksklare Løv Ham 5-2 på bortebane.

Skadar gjorde sesongen i fjor trøblete for sandensaren. I år er det blitt sju mål for årets 1. divisjonsmeistrar. Tre av måla kom i sesongens to siste kampar.

– Det er artig det. Eg tykkjer sju scoringar er eit anstendig tal. Eg har ikkje akkurat hatt for vane å score mål, seier Bolseth som i sommar signerte avtalen som gjer han til Hønefoss-spelar ytterlegare eitt år.

Blanda kjensle

Etter seriemeisterskapen og returen til Eliteserien, er Bolseth etter alle solemerke klar for retur til Fosshaugane.

Det vil seie, dersom Sogndal bergar plassen i Eliteserien. Noko 31-åringen trur dei vil gjere.

– Eg har problem å sjå meg sjølv spele mot Sogndal. Det blir veldig spesielt å møte dei på Fosshaugane, men når det først skal skje så er det kjekt at det blir i eliteserien, vedgår spelaren som i tre år var kaptein på Sogndal.

Håpar på Sogndal

– Eg hadde ei kjempetid i Sogndal og har framleis mange kompisar både i administrasjonen, spelartroppen og elles i bygda. Eg håpar inderleg dei tek poenga som trengs for at dei skal klare seg, seier han.

Sogndal kan allereie søndag kveld ta poenga som sikrar Bolseth sin retur til Fosshaugane - som Hønefoss-spelar.