Hopp til innhold

"Bolli" nøgd med sesongopninga

Sogndal startar sesongen 2009 med heimekamp mot Hønefoss.

Rune Bolseth

Rune Bolseth i oppgjeret mot Hønefoss i 2007.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Oppgjeret er terminfesta til 5. april. På dei neste fire kampane står nyopprykka Mjøndalen (b), degraderte HamKam (h), Løv Ham (b) og Alta (h).

- Godt oppsett

Kaptein Rune Bolseth er nøgd med oppsettet.

- Det er greitt å starte på heimebane. Men nyoppprykka lag på bortebane så tidleg i sesongen er alltid skummelt, seier han. Bolseth er nøgd med å få HamKam på heimebane i første oppgjer.

- Det er okay å få dei på heimebane tidleg i sesongen, legg han til.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Må ha ti-tolv poeng

Trenar Karl Oscar Emeberland har uttala at sesongen 2009 skal føre Sogndal til øvste nivå i norsk fotball. Etter ein sterk haustsesong kapra kvittrøyene frå saftbygda kvalifiseringsplassen i 1. divisjon, men tapte for Aalesunds, som dermed berga plassen i Eliteserien.

- Det er eigentleg det same kva lag vi møter, men skal vi klare målsettinga, så må vi ha ein god start. Vi bør ha ti-tolv poeng på dei fem første kampane, seier Bolseth.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mange om beinet

I år vart det ingen 16. mai-kamp for Sogndal. Neste sesong går turen derimot til Stavanger dagen før nasjonaldagen. Oppgjeret plar gje mange pengar i klubbkassen for vertslaget. Sesongen blir avrunda på bortebane mot Hønefoss 1. november. Sogndal-kapteinen trur på ein spanande sesong.

- Det er naturleg at HamKam blir sterke. Haugesund har mykje pengar og har allereie styrka laget. I tillegg har Bryne og Moss potensiale til å bli betre enn i fjor, medan Notodden og Hønefoss også blir sterke, seier Bolseth.

Oppkøyringa

Sogndal reiser 9. januar til Beitostølen der dei skal møte cupfinalistane Stabæk og Vålerenga. 31. januar møter dei Nybergsund i Sognahallen.

5. februar står FK Haugesund for tur i Bergen, medan Molde blir motstandar seks dagar seinare. Notodden vitjar Sognahallen 20. februar, før spelarane reiser til varmare strøk på La Manga dei 14 første dagane av mars. Hønefoss og Løv Ham blir motstandarar 20. og 28. mars.

Sogndal sine kampar i 1. divisjon

Runde

Dato

Heimelag

Bortelag

 

1

7. april

Sogndal

Hønefoss

TV-kamp

2

13. april

Mjøndalen

Sogndal

 

3

21. april

Sogndal

HamKam

TV-kamp

4

26. april

Løv Ham

Sogndal

 

5

3. mai

Sogndal

Alta

 

6

16. mai

Stavanger

Sogndal

 

7

21. mai

Sogndal

Moss

 

8

24. mai

Kongsvinger

Sogndal

 

9

1. juni

Sogndal

Tromsdalen

 

10

7. juni

Sogndal

Nybergsund

 

11

14. juni

Notodden

Sogndal

 

12

21. juni

Sogndal

Bryne

 

13

28. juni

Haugesund

Sogndal

 

14

5. juli

Sogndal

Skeid

 

15

12. juli

Sarpsborg Sparta

Sogndal

 

16

26. juli

Sogndal

Kongsvinger

 

17

2. august

Alta

Sogndal

 

18

9. august

Sogndal

Haugesund

 

19

16. august

HamKam

Sogndal

 

20

23. august

Sogndal

Notodden

 

21

30. august

Bryne

Sogndal

 

22

6. september

Sogndal

Sarpsborg Sparta

 

23

13. september

Skeid

Sogndal

 

24

20. september

Sogndal

Mjøndalen

 

25

27. september

Tromsdalen

Sogndal

 

26

4. oktober

Nybergsund

Sogndal

 

27

11. oktober

Sogndal

Løv Ham

 

28

18. oktober

Moss

Sogndal

 

29

25. oktober

Sogndal

Stavanger

 

30

1. november

Hønefoss

Sogndal

 

Ekspander/minimer faktaboks