Hopp til innhold

«Black Box-banden» dømde til fengsel

Dei tre rumenske mennene som var tiltalte for innbrot i minibankar fem stader i Norge, er alle dømde til over to år i fengsel.

Sogn og Fjordane tingrett

MÅ I FENGSEL: Fredag fall dommen i saka mot dei tiltalte minibanksvindel-saka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I februar 2017 gjennomførte dei tre rumenske mennene ei rekke innbrot i minibankar i Noreg. Banden vart stogga etter eit mislukka innbrotsforsøk i Stryn. Etter ei biljakt over Strynefjellet vart dei arresterte i Lom i Gudbrandsdalen, og sidan har dei siste bak lås og slå.

Ved hjelp av den utspekulerte metoden, «black boxing», har tjuvane bora hol i minibankar og ved hjelp av ein laptop manipulert den til å «spy ut» pengar.

Europol kallar framgangsmåten «Black Box Attacks» og den blir gjort på følgjande måte:

  • Det vert bora hol i minibanken for å få tilgang til datasystemet og programvara i minibanken.
  • Der koplar tjuvane seg på med ei ekstern tilkopling som dei nyttar til å overstyra banken.
  • Ved hjelp av dette dataprogrammet legg dei inn ordre om at minibanken skal gje ut alle pengane som er der.

Rumenarane lukkast ikkje i alle forsøka, men potensialet er stort.

Black Box-angrep

UVANLEG METODE: Ifølgje Politiforum dukka metoden «black boxing» opp så seint som i 2015. Det neste året steig tal innbrot frå 15 til 58 i Europa.

Foto: Politiet

Mobile vinningskriminelle

Retten omtalar dei tre som mobile vinningskriminelle som har kom til Noreg utelukkande for å utføre kriminelle handlingar.

Retten er ikkje kjent med at det er avsagt dommar mot nokon i Norge for denne typen kriminelle handlingar. Elles i Europa har det vore kring 30 anslag mot minibankar og det er avsagt få dommar.

Retten meiner dei tiltalte sine handlingar har vore godt organiserte, og at dei har handla som ei gruppe. Der alle har hatt klart definerte oppgåver. Det vert og synt til at det er nytta avansert og sofistikert programvare og analysen av datamaskinene syner også at dei har samarbeid med personar i utlandet.

Vedgjekk straffskuld

Alle dei tre har vedgått straffskuld. Men medan dei to yngste allereie tidleg i etterforskinga vedgjekk forholda, tilstod ikkje den eldste før første dag av rettssaka.

Det gjer at retten har gitt dei to yngste tre månader strafferabatt, men ingen strafferabatt til den eldste, som også vart utpeika som hovudmann av dei to andre.

Dei vert dømde til høvesvis to år og tre månader, og to år og seks månader. I tillegg må dei saman betale 342.000 kroner i erstatningar. Det den største enkeltsummen på 239.000 kroner går til Sparebanken Vest i Stryn.