NRK Meny
Normal

«Berit» skapte krøll for Netcom

Stormen som nyleg feia over landet får skulda for problem Netcom-kundar over heile landet har opplevd dei siste dagane.

Video Får skryt på sms

PROBLEM: Ekstremveret har skapt problem for mobilnettet til Netcom. Fleire sendarar langs norskekysten har fått problem.

Foto: Nyhetsspiller

Netcoms kommunikasjonssjef Øyvind Vederhus

PROBLEM: Kommunikasjonssjef i Netcom, Øyvind Vederhus.

Foto: NetCom

«Berit» gjorde ikkje berre skadar for fleire millionar av kroner i Nord-Norge. Medan Berit herja langs norskekysten, fekk også fleire Netcom-kundar langs kysten, skriv VG.

– Der er det problem med 20-30 sendarar heilt frå Sogn og Fjordane til Nordland, seier kommunikasjonssjef Øyvind Vederhus til nettutgåva.

Råka austlandet

Vederhus forklarar at sendarar er tekne av stormen, men at det framleis skal vere dekning langs heile kysten.

For Sogn og Fjordane sin del er to-tre sendarar ute av drift.

– Om 20-30 sendarar er ute, så er det overlappande dekning. Men det er klart at dersom ein er uheldig og bur der det berre er ein sendar, så vil ein oppleve problem, seier Vederhus til NRK.no.

Har retta feil

Søndag fekk Netcom også problem med samtaleoppsettet på 3G-nettet. Dette påverka delar av Telemark, Østfold, Vestfold og Akershus.

– Men SMS og data fungerte fint, og 2G-nettet var ikkje berørt. No har eg fått melding om at feilen med 3G-nettet er løyst, slik at alt skal fungere som normalt, seier Vederhus til NRK.no.

Leitar etter feil

Det er framleis usikkert når sendarane som Berit feia overende vil vere ordna att.

Men kommunikasjonssjefen seier det kan ta litt tid.

– Det er slik at dersom det er problem med kablane, så er dette noko Telenor må ordne opp i. E-verket må ut dersom det er straumproblem. Vi sjølve ordnar opp dersom det er utstyr. Så det vil nok ta litt tid å ordne alle sendarane langs kysten, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.