Hopp til innhold

«Ap driv med ansvarsfråskriving i Fjord1-saka»

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) kritiserer Arbeidarpartiet for ansvarsfråskriving når dei krev lovlegkontroll i Fjord1-saka.

Liv Signe Navarsete

KRITISK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete stiller spørsmål ved om Ap driv med ansvarsfråskriving, eller om dei har gløymt at dei sjølve sat med makta

Foto: Senterpartiet

– Eg tykkjer det er spesielt at Ap krev lovlegkontroll av ei sak dei sjølve har site med ansvar for i 17 av 18 månader seier Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Arbeidarpartiet, Venstre, SV og MDG, kravde før helga ein ny gjennomgang av Fjord1-salet .

Råkar seg sjølve

– Det er heilt legalt å krevje lovlegkontroll, dersom ein meiner det er gjort feil. Det skulle berre mangle. Men her er det Arbeidarpartiet som har site med kontrollen heilt til dei siste vekene før avgjerda. Det er dei som bestemte konsulentane si rolle, og fylkesrådmannen si rolle.

– At eit parti slaktar sin eigen fylkesordførar på den måten, det tykkjer eg er spesielt. Sjølv om innspurten skjedde under Jenny Følling, så var det Åshild Kjelsnes som la opp heile prosessen, seier Navarsete.

Einsidig framstilling

– Eg tykkjer saka har vore noko einsidig framstilt. Politisk usemja og tøffe diskusjonar og vedtak har vi hatt før og. Det har vore liten vilje til å gå inn og sjå kva som reelt kjem til å skje med hovudkontoret og arbeidsplassane som vi alle er opptekne av.

Sjølv har Navarsete ikkje vilja gå inn og ta stilling i saka fordi ho ikkje kjenner alle detaljane og faktagrunnlaget.

– Eg har ikkje innsyn i det, men eg har tillit til at dei som har gjort det, har gjort det grundig. Eg trur det blir viktig framover, når vi er ferdige med lovlegkontrollen, at vi kjem vidare. For dette er viktig for både arbeidsplassane og fylkesøkonomien.