Hopp til innhold

Videoen er sett av 800.000 på under tre veker

Kongevegen over Filefjell vekkjer oppsikt. På under tre veker har over 800.000 sett den eitt minutt lange videoen på Facebook.

Jan Adriansen, Prosjektleiar Kongevegen over Filefjell

POP: Jan Adriansen, prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, konstaterer at vegprosjektet er populært. Av dei 67 videoane Visit Norway har lagt ut sidan 2012, er videoen frå Kongevegen den definitivt mest populære.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Det er heilt utruleg. Eg har aldri vore borti liknande, men det viser at vi har eitt spennande prosjekt, jublar Jan Adriansen, prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell.

Meir pop enn 17. mai

Videoen er delt fleire stader på verdsveven, men flest visingar har den definitivt fått hos Norge sin offisielle reiseguide, Visit Norway, sine Facebook-sider. Så langt er videoen sett 560.000 gonger på gruppa med nær ein million følgjarar frå inn- og utland.

Det er over dobbelt så mange visingar som videoen frå 17. mai-feiringa i Oslo i fjor. Og over 200.000 fleire enn kvalsafarien utanfor Tromsø året før.

Videoen er sett over 80.000 gonger på Kongevegen sine sider.

– Eg trur det må vere kombinasjonen av ein flott video, flott prosjekt og at vi vann den europeiske kulturminneprisen, seier Adriansen.

Vann pris

– Eg trur vi treffer noko som er i tida. Folk vil oppleve noko anna, og å gå i fjellet og samstundes få kulturhistorie trur eg er noko som treffer, legg prosjektleiaren til.

Kongevegen over Filefjell var den første køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet då den vart bygd for hest og kjerre på slutten av 1700-talet. I 2009 starta Statens vegvesen prosjektet for å reetablere strekka mellom Lærdalsøyri og Valdres som ein kulturhistorisk vandreveg.

Nyleg fekk vegprosjektet EU sin kulturminnepris . Prisen er rekna blant dei mest høgthengande kulturminneprisane i Europa .

Meir prisdryss?

Kongevegen over Filefjell

VINDHELLA: I 2015 fekk kongevegen «Vakre vegars pris». No melder EU-kommisjonen at dei gjev vegen «Europa Nostra pris».

Foto: Sverre Hjørnevik

No konkurrerer dei ulike kategorivinnarane om publikumsprisen til Europa Nostra. Sjølv om dei står opp mot prosjekt frå langt meir folkerike område i Europa, håpar Adriansen på ein ny pris.

Men då treng dei publikum sine røyster.

– Det er alltid stas å vinne pris, men det viser også kor godt produkt vi har. Eg vil tru vi har gjort ein god jobb med å få restaurert vegen. Det er jo spennande å sjå om vi kan konkurrere mot opplevingar i meir folkerike område, seier han.