Hopp til innhold

«Alle» vil sjå «Evig ung»

Sogn og Fjordane har treft godt med framsyninga «Evig ung». Folk går mann av huse for å sjå stykket, og teateret har sett opp ekstraframsyningar.

Evig ung - Sogn og Fjordane Teater

STORKOSAR SEG: Skodespelarane i «Evig ung» som eldre utgåver av seg sjølve.

Foto: Oddleiv Apneseth

Informasjons- og marknadssjef Lene Grande gler seg saman med skodespelarane.

– Dei har det veldig kjekt på scenen, dei storkosar seg, og vi får veldig gode tilbakemeldingar, både i media og frå publikum.

Medrekna framsyningane fredag og laurdag kan Sogn og Fjordane Teater notere seg for at vel 2700 har sett «Evig ung».

Lene Grande

– GODE TILBAKEMELDINGAR: Lene Grande.

Foto: Dagrun Reiakvam

– Vi har sett opp ei ekstraframsyning den 24. mars. Der er alt halvparten av billettane selde, utan at vi har drive spesielt mykje marknadsføring.

Folk måtte snu i døra

På turneen har teateret berre plass til 150 i salen, og det har vist seg å vere knapt einskilde stader, fortel Grande.

– I Knarvik var det ein del som vart lei seg fordi dei ikkje fekk plass.

Neste veke skal teateret ha fem framsyningar i Sogn, og så blir ekstraframsyninga i Førde den 24. mars siste sjanse til å sjå stykket.

– Kor langt tilbake må vi for å finne ein liknande publikumssuksess?

– Ikkje så veldig lenge, faktisk. Også med «På lokalet» opplevde vi at vi ikkje hadde plass til alle.

I «Evig ung» er Sogn og Fjordane Teater gjort om til ein aldersheim for pensjonerte skodespelarar, som det syner seg å vere mykje liv og futt att i. Dei mimrar over sine største sceneprestasjonar, mykje av det gjennom musikk, og humor er eit vesentleg element.

  • Sjå klipp frå «Evig ung»:
    Nummer frå framsyninga "Evig ung" - Sogn og Fjordane Teater