«Alle» vil ha Ruben Holsæter

Norske tippeligaklubber er på jakt etter Ruben Holsæter frå Førde.

Ruben Holsæter
Foto: Rune Fossum / NRK

Måndag reiser han til prøvespel til Brann i fire dagar, skriv firda.no.

Men også andre lag er interessert i fotballtalentet som spelar på Førde sitt 2. divisjonslag.

Ifølgje nettavisa har også Viking og Strømsgodset fått auga opp for målskåraren. Tidlegare i år meldte også Sogndal si interesse, men fekk nei frå Førde.

Holsæter seier at å spele i tippeligaen er ein draum for han.

– Det skal vel litt til at eg spelar i Førde neste år, men alt kan skje, seier han.