NRK Meny
Normal

No blir det både sol og varme

Russen kan få ei fuktig natt til 17. mai og ligg an til ein våt start på nasjonaldagen. Men så kjem sola over fjordfylket igjen.

Sol over Eggenipa

SOL: Sola den neste veka blir nok ikkje like stor som denne ser ut til å vere over Eggenipa i Gloppen, men godvêret er venta å komme.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein ny front på veg mot Vestlandskysten vil frå i kveld gjere russens vandring mot nasjonaldagen ekstra fuktig.

– Eit nytt lågtrykk vil passere i natt og første del av morgondagen, men på ettermiddagen 17. mai blir det ikkje så ille, seier vakthavande statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Men når nasjonaldagen nærmar seg slutten, smiler vêrgudane på nytt til Sogn og Fjordane. Ifølgje prognosane til yr.no blir det nok av høve til å få brunfarge på kroppen.

Kvikksølvet ser neste veke ut til å passere godt over 20-talet.

– Søndag blir det merkbart stigande temperaturar, opp mot 20 grader fleire stader. Det blir opphaldsvêr og lange periodar med sol, seier Skjerdal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser